Kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS)

osteroy2030.jpg

Osterøy kommune har starta opp arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS), også kalla Samfunnsplanen.

Samfunnsdelen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for heile kommunesamfunnet og for kommunen som organisasjon. 

Korleis skal Osterøysamfunnet utvikle seg fram mot 2030? Osterøy er del av ein region i vekst og dette gir moglegheiter for innovasjon og utvikling. Samstundes står me som samfunn ovanfor ei rekkje utfordringar knytt til klimaendringar, folkehelse og demografi. Korleis skal me møte desse utfordringane og  kva mål og strategiar skal kommunen ha for å leggje til rette for og vere ein pådrivar for ei berekraftig og framtidsretta utvikling.

Ei god utvikling av Osterøy er eit samarbeidsprosjekt mellom innbyggjarar, frivillige organisasjonar, bedrifter, tilsette i kommunen, politikarar og andre samfunnsaktørar. Målet  for planarbeidet er å finne fram til kva som vil vere ei god utvikling for Osterøy fram mot 2030.

Viktige tema planprogrammet er:

  • Møte mellom fortid og framtid
  • Klimaendringar
  • Eit berekraftig samfunn
  • God folkehelse for alle
  • Eit trygt samfunn

Planarbeidet vil ha ein arbeids og drøftings periode med opne temamøter, konkurranse for born og unge og workshops utover 2015-2016 før den skal leggast fram til førstegongs politisk handsaming og offentleg ettersyn i 2016.

Kommuneplanen sin samfunnsdel skal ha ein handlingsdel som fastset mål for korleis planen skal følgjast opp. Handlingsdelen skal innarbeidast og følgjast opp i Osterøy kommune sin økonomiplan og i dei årlege budsjetta.

Full versjon av vedteke planprogram finn du her; Planprogram

 

 

TYSSE MEK

Positiv næringsutvikling i nedgangstider

Lokal industri er meir robust

Mange bedrifter i kommunen meiner dei har kome styrka ut av nedgangstidene. Årsaken ligg i lokal forankring og godt lokalt samarbeid. Dette gjer betre føresetnader for å takle nedgangstider.

09. desember 2016 Les meir
Bilete seminar2

Seminar - Osterøy inn i framtida

Presentasjonar frå seminaret

Osterøy kommune skipa 25. mai 2016 til eit seminar om framtidig samfunnsutvikling i kommunen. Målgruppa var heradstyret, administrasjon, frivillige organisasjonar og andre viktige samfunnsaktørar. Program og dei ulike presentasjonane ligg vedlagt.

27. mai 2016 Les meir
Web levert av CustomPublish