Kommunepsykolog for vaksne

Kommunepsykologen sin jobb er å førebyggja psykiske vanskar og ivareta den psykologfaglege kompetansen innan avdeling for psykisk helse i kommunen.

Psykologen har følgjande arbeidsoppgåver.

  • Ivareta lavterskeltilbod (kort ventetid på samtale)
  • Kortvarig behandling av lettare psykiske lidingar (typisk 1-10 samtalar)
  • Tilby terapeutisk oppfølging til personar med rusrelaterte vanskar
  • Veiledning av helsepersonell
  • Rådgjeving av kommunen sine innbyggjarar i forhold til psykisk helse og rusproblematikk

Typiske førespurnader til psykologen kan dreia seg om lettare angst- og depresjonstilstandar, livskriser (som for eksempel sorg), rusproblematikk eller stressrelaterte vanskar. Tilvising til kommunepsykolog for vaksne skjer gjennom fastlege eller via anna helsepersonell i kommunen. 

Besøksadresse:
Geiteryggen, nedste rekkjehus ved Kyrkjekontoret
Rådhusplassen
5282 Lonevåg

Kontaktperson:
Silje Midtbø Vevle
Tlf: 56192279

Web levert av CustomPublish