Kommunereform - framtidig kommunestruktur for Osterøy

Hausten 2014 vart alle norske kommunar invitert til å delta i ei omfattande reform der målet er å flytte makt og ansvar til større og meir robuste kommunar.

På denne sida kan politikarar og innbyggjarar i Osterøy finna informasjon om historiske og nye vedtak, rapportar, sentrale råd og retningsliner - samt eit innblikk i prosessen fram mot vedtak i heradstyret 22.juni.2016.

Sida er eit lokalt supplement til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) sine eigne sider om kommunereforma. På sidene til KMD kan du mellom anna følgje med på siste nytt om kommunereforma i media, og sjå kva milepæler regjeringa har lagt opp til fram mot handsaming av saka om kommunereform i Stortinget. Sentrale lenkjer finn du i menyen til høgre. Les du saka på mobil finn du lenkene i ein boks under artiklane.

Tilråing fylkesmannen

Fylkesmannen si tilråing for framtidig kommunestruktur

Fylkesmannen tilrår i brev til departementet at Osterøy, Samnanger og Vaksdal vert slegen saman med Bergen.

30. september 2016 Les meir
SAM_0451

Presentasjon frå folkemøta

Vedlagt ligg rådmannen sin presentasjon som vart vist på folkemøta i Haus, Valestrand og Fotlandsvåg. Under ligg òg presentasjonen som Telemarksforskning hadde i Lonevåg.

30. september 2016 Les meir
SAM_0450

Kommunereform - Innspel frå folkemøta

Samandrag frå dei fire folkemøta som vart gjennomført er no samanfatta og ligg vedlagt under.

Samandrag Lonevåg

Samandrag Valestrand

Samandrag Fotlandsvåg

Samandrag Haus

 

02. juni 2016 Les meir
Skjermbilde

Rapport - Verknadar av endra kommunestruktur

Endringar av kommunestruktur vil føre til konsekvensar for ei rekkje av kommunen sine oppgåver. Rapporten som kommunen har tinga for å greia ut om dette er no lagt ut på nettsida, sjå vedlegg under.

23. mai 2016 Les meir
Signerte intensjonsavtale om kommunesammenslåing.

Signerte intensjonsavtale om kommunesamanslåing

Fredag signerte dei fire kommunane Osterøy, Vaksdal, Samnanger og Bergen ein intensjonsavtale om kommunesamanslåing. Samnanger kommune kom først med i forhandlingane fredag.

13. mai 2016 Les meir
Web levert av CustomPublish