Osterøy kommune sitt kommunevåpen

Osterøy kommune sitt kommunevåpen

Kommunevåpen

Osterøy kommune sitt våpenskjold er tre tømmermannsøkser eller biler, med eggen nedover, som skal symbolisera den lange byggetradisjonen ein kan visa til.

Kommunen har vedteke reglement for bruk av kommunevåpenet, sjå Reglarbrukkommunevåpen.pdf

Departementet si godkjenning av kommunevåpenet, sjå Kommunevåpen.pdf

Sjølv om øya aldri har hatt skogar med stor tømmer, har folk her hatt ord på seg å vera flinke husbyggjarar.

Bergen ligg nær og det var her mykje av tømmermannsarbeidet gjekk føre seg. Frå dei eldste tider veit vi at byen frå tid til annan vart herja av brann.

"Ei svia i by`n", som dei gamle sa, det var einsbetydande med arbeid for bygningsstrilane. Dei henta tømmer inne frå fjordane og fløtte materialen på flåtar inn til Bergen.

Petter Dass skriv om dette i diktet "Ny Bergen, Ny lykke", som handlar om å byggja opp byen etter brannen i 1702: "Lad os af Oster indkalde de Striler, som ere vante med Øxer og Biiler!"

Web levert av CustomPublish