Konsultasjonsteam mot vald og seksuelle overgrep

Konsultasjonsteam mot vald og seksuelle overgrep

KONSULTASJONSTEAM MOT VALD OG SEKSUELLE OVERGREP

Osterøy kommune har i samarbeid med Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Region Vest (www.rvtsvest.no), oppretta eit konsultasjonsteam mot  vald og seksuelle overgrep i Osterøy kommune. Konsultasjonsteamet er ei tverrfagleg samansatt gruppe som gir råd og rettleiing i sakar som gjeld vald og seksuelle overgrep.

Konsultasjonsteamet har kunnskap om kva instansar som har ansvar i saker om vald og overgrep og kven som kan og bør hjelpa deg vidare i handteringa av bekymringa di. Teamet kan og gi råd om korleis ein kan gjennomføra ein avdekkjande samtale med eit barn og kan ved behov hjelpe til å formulera bekymringsmelding til barnevernet. Teamet skal støtte den som kjem med bekymringa og skal ikkje overta saka.

Målsetjinga med teamet:

Å betre beredskapen i kommunen og gje hjelp til born som kan være eksponert for vald og/eller er utsett for seksuelle overgrep. Det er og eit mål at dei som konsulterer teamet opplever å få hjelp til å handtere saka vidare.

Kven kan ta kontakt med teamet?

Alle som er bekymra for eit barn eller som sjølv lever med vald og/eller overgrep.

Sakar som omhandlar vald og/eller seksuelle overgrep kan vere vanskeleg å sitje med åleine og teamet ønskjer å vere ei støtte til deg som sit med ein magefølelse eller mistanke i høve eit barn.

Korleis ta kontakt?

Ring Osterøy kommune på tlf. 56 19 21 00 og be dei setje deg over til ein representant i konsultasjonsteamet eller send e-post til konsultasjonsteam@osteroy.kommune.no. Alle saker til teamet skal vere anonyme så husk det når du presenterer saka over telefon eller skriv e-post til teamet. Legg att namn og nummer ved e-postkontakt og så vil koordinator for teamet ringe deg opp att.

Teamet har fast møteplan, men kan og kallast inn ved behov. 

Web levert av CustomPublish