Kontrollutvalet

Kontrollutvalet skal på heradsstyret sine vegner ha det løpande tilsynet med forvaltninga i kommunen og vert vald for heile perioden.

Kontrollutvalet skal sjå til at den kommunale årsrekneskapen vert revidert på ein betryggande måte og elles halda seg orientert om revisjonsarbeidet gjennom året.

Kontrollutvalet skal syta for forvaltningsrevisjon av den kommunale verksemda, og skal også utarbeida ein plan for gjennomføringa av denne. Rapport skal leggjast fram for heradsstyret.

 

Kontrollutvalet skal og gjennomføra selskapskontroll av kommunale selskap etter vedteken plan for dette.

Kontrollutvalet 2015 - 2019

Medlemmer Varamedlemmer
Atle Reidar Eide, AP, leiar Ragna Thunestvedt, Ap

Ole Johannes Mjøs, H, nestleiar

Ann Christin Reigstad, V

Audun Mosevoll, KRF

Bjørn Tore Sund, V

Veronica Orvedal-Kiil, H

Eilif Veseth, SP

John Tysse, FRP Vibeke Hanstvedt, FRP
   


 

Sekretariat for Kontrollutvalet:  Tonje Husum Aarland

Web levert av CustomPublish