Kultur

Osterøy er ein kommune med mange spanande kulturminne og kulturmiljø, og med eit særeige kulturlandskap. Kulturlandskapet er satt saman av gardstun og einskildbygningar som lemstover, brakaløer og naust, bunde saman av landskapselement som steingardar, stabbgjerde, bakkemurar og vegfar. dette er ein viktig del av Osterøy sin identitet og historie og har stor opplevingsverdi.

Mjøsvågen

Mjøsvågen i Hosanger viser eit eventyr av tiltakslyst og skaparglede gjennom generasjonar. Det var kring 1865 at dei tok til med å arbeida kister for sal i Bergen. Minna frå verksemdene som vaks fram, står på rekke og rad rundt heile den lune vågen. Her var det blant anna kisteverkstadar, smier, treskofabrikk, metallstøyperi og møbelfabrikk. På dampskipskaia er det restar frå eit meieri. I dag er Mjøsvågen eit verna naust- og verkstadmiljø der dei no tilbyr nytt liv i bygningane og områda rundt. Her kan du oppleva kunst, kultur og natur i eit aktivt bygdemiljø. I sumarperioden er det mange ulike aktivitetar her, mellom anna utstillingar, konsertar, foredrag og kafe, med heimelaga kortreist mat.

Osterøy museum

Osterøy museum vart skipa i 1920. i dag har museet utvikla seg til ein viktig regional institusjon der den lokale historia til Osterøy blir vist mellom anna gjennom byggeskikk og tradisjonelle handverksprodukt. Samlingane er å finna i eldre hus som står rundt på området, og i eit moderne nybygg. Det eldste huset på museet er Fjellskålnesloftet frå 1600-talet. Museet spelar også ei viktig og aktiv rolle for det utøvande kulturlivet på Osterøy med konsertar og foredrag.

Sumarhuset til Ole Bull

I tillegg til å vera ein virtuos fiolinist som turnerte verda rundt, var Ole Bull (1810-1880) også komponist og nasjonsbyggjar. Nokre hundre meter opp frå Valestrand sentrum står framleis Ole Bull sin eventyrlege villa, i rosa farge, med grøn slange buktande langs mønet. Ole Bull tok over slektsgarden på Valestrand i 1858. Heilt frå gutedagane av hadde han hatt tilhald der i periodar. Først som gjest hjå besteforeldra og seinare som herre i eige hus.

Havråtunet

Ikkje langt frå Osterøybrua ligg Havråtunet i ei sørvendt li ned mot fjorden. Her kan ein sjå eit eineståande eksempel på eit vestnorsk klyngetun. Heilt fram til midten av 1800- talet var slike samlingar av bustadhus og uthus vanlege å sjå i det vestnorske landskapet. På Havråtunet har ein bevart tunet slik det var frå gamalt, der gardshusa låg samla i ei klynge som ein liten landsby. Mark og åker låg teigvis rundt busetnaden.

Kossdalsvegen

Frå Hosanger og Mjøsvågen er vegen kort inn til Kossdalen. Her gjekk det tidlegare hovudsambandet mellom Hosanger og bygdelaga inne på øya. Vegen ligg framleis slik han vart bygd i åra mellom 1889 og 1893. Eit vakkert vatn ligg i dalbotnen og inst i dalen stig vegen bratt opp i ei li med 17 krappe svingar. Det er populært å gå turar opp Kossdals- svingane og er ei oppleving ein ikkje bør gå glipp av. Stigninga er på gjennomsnitt 27%. I dag har vegen status som kulturminne.

Norsk-Koreansk kultursenter

Norsk-Koreansk kultursenter held på å verta utvikla på Olsnes på Osterøy. Her byggjer dei opp eit kultursenter som skal kombinera koreansk og norsk kultur.

 

Web levert av CustomPublish