Steinmur, eit gammalt skilje mellom gardar

Steinmur, eit gammalt skilje mellom gardar

Kulturhistorie

Osterøy si kulturhistorie kan ein følgja langt bakover i tid, sjølv om Osterøy kommune er av relativt ny dato.

 Kommunen vart til gjennom ei samanslåing av ulike kommunar som hadde ein del på fastlandet og ein del på øya. Øy-delane av kommunane Bruvik, Haus, Hosanger og Hamre vart i 1964 til den nye Osterøy kommune, som omfattar størstedelen av øya Osterøy.

Den gamle strukturen der fjorden batt saman bygdene på kvar side og la grunnlaget for dei tidlegare kommunegrensene, ser ein enno: På Osterøy har vi fem kyrkjer, ei for kvar av dei gamle kommunane nede ved fjorden og ei midt inne på øya.

Osterøy kommune utgjer 254 av dei 329 kvadratkilometrane øya dekkjer. Osterøy er den største øya i landet vårt sør for Stadt.

Web levert av CustomPublish