Illustrasjon Gloppemyra

Merknadsfrist 19.10.2018

Kunngjering - 2. gongs høyring og offentleg ettersyn Detaljregulering Gloppemyra næring

Planen gjeld detaljregulering av Gloppemyra næring. Planområdet omfattar gbnr 4/1 og 4/2. Føremålet med planen er mellombels massedeponi inntil 8 år og deretter tilrettelegging for etablering av næringsverksemder med tilhøyrande infrastruktur.

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) §§ 12-10 og 12-11 har plan- og kommunalteknisk utval den 22.08.18 gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til høyring og offentleg ettersyn.

I medhald av plan og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 vert framlegg til plan for Detaljregulering av I2 Gloppemyra Næring - Hauge, planID 12532014003, med plankart datert 06.08.2018, føresegn datert 06.08.2018, planskildring datert 28.06.2018, VA-rammeplan datert 13.05.2015 og andre tilhøyrande dokument vedlagt i saka lagt ut til 2. gangs høyring og offentleg ettersyn.

FRAMLEGG TIL PLAN

Det er utarbeida framlegg til detaljregulering av mellombels deponi og framtidig næringsområde i Gloppemyra, Hauge gbnr 4/1 og 4/2. Forslagsstillar er Osterfjord Maskinstasjon AS og AS Oster Transport & Entreprenørforretning. Utførande plankonsulent er Arkoconsult.

Planforslag var ute på 1.gongs høyring og offentleg ettersyn i perioden 14.11.16 – 31.12.16. Det kom inn tre merknadar til planforslaget og ei motsegn. Etter høyringsfristen er dei ulike plandokumenta gjennomgått og revidert. Rådmannen har vurdert at endringane samla er av eit slikt omfang at planforslaget må leggjast ut på ny høyring.

Rådmannen vurderer at dei endringane som er gjort sidan 1.gangs høyring ivaretek innspela i merknadane og omsyna som motsegna etterlyser, og at planframlegg for 12532014003 Detaljregulering for I2 Gloppemyra næring – Hauge er godt gjennomarbeidd.

Planforslaget omfattar:

Planskildring (28.06.2018)
Plankart (06.08.2018)
Føresegner (06.08.2018)
Sol- og skyggeanalyse
Illustrasjon 3D, oppfylling
Illustrasjonsplan (21.06.2018)
VA-rammeplan (13.05.2015)
Skredfarerapport (22.02.2017)
Vedlegg skredfare 1-5
Profiler, gangveg
Profil, vegVerdivurdering av biologisk mangfald (12.05.2015)

Plankartet saman med føresegnene er juridisk bindande for framtidig arealbruk jfr pbl § 12-4.

Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn

Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Plandokument og vedtak ligg tilgjengeleg i kommunen sitt planregister under https://www.nordhordlandskart.no/pr  og til gjennomsyn i servicekontoret på Rådhuset, samt på Osterøy Bibliotek.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.

For å kome med merknad kan ein nytta elektronisk høyringsskjema, på e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til: Osterøy kommune, Rådhusplassen, 5282 Lonevåg.

Innsending av merknad stilast til Plan og merkast med namn eller plannummer på aktuelle plan.

Merknadsfrist: 19.10.2018

Etter utgått merknadsfrist vert innkomne merknadar vurdert og planfranlegget evt. justert før ein legg planframlegg fram for endeleg vedtak jf Pbl § 12-12.

For å følge saka kan du gå inn her: http://www.osteroy.kommune.no/kunngjeringar-planarbeid   

Du må søke på saksnummer 14/324 for å få opp info om aktuell sak.

 

Web levert av CustomPublish