plankart_12532011003_Valestrand områderegulering_4

Klagefrist 24.11.2017

Kunngjering av vedtak av områderegulering Valestrand sentrum planId 12532011003.

I medhald av plan-og bygningslova § 12-12 har Heradsstyret den 20.09.17. gjort vedtak i sak 055/17 om områderegulering Valestrand sentrum - planID 12532011003. 

Framlegg til områderegulering for Valestrand sentrum var til 4.gangs politisk handsaming i Heradsstyret 20.09.17. Heradsstyret gjorde følgjande vedtak: 

  1. Osterøy kommune vedtek Områderegulering for Valestrand sentrum, planID 12532011003, med føresegner (dagsett 15.08.2017), planskildring (dagsett 15.08.2017) og plankart (dagsett 10.05.2017) slik dei no ligg føre, med tilhøyrande vedlegg, i medhald av plan- og bygningslova § 12-12 med slik endring: BKB02 skal ha kotehøgde 23 og BBB02 skal ha kotehøgde 35 slik det ligg i vedtaket frå Heradstyret 29.03.17.
 
  1. Det er utarbeida vegteikningar for delar av vegnettet i Valestrand, i hovudsak knytt til fylkesveg men også for delar av kommunalt vegnett. Desse er retningsgjevande for vidare detaljering og realisering av planen.
 
  1. Områderegulering for Valestrand sentrum, planID 12532011003, erstattar i si heilheit planane under. I medhald av plan- og bygningslova § 12-14 vert  desse planane oppheva:
  • Plannr 504_55 - Fjæregarveriet, Reigstadåsen. Vedteken 19.06.1991
  • Plannr 504_66 – RV Parsell Kringastemma-Valestrand. Vedteken 06.11.2002
  • Plannr 504_47 - Øvre Eide. Vedteken 31.01.1991
  • Plannr 504_2 – Vardalen. Vedteken 05.10.1976
  • Plannr 504_56 - Valestrandsfossen Sentrum. Vedteken 23.03.1994
  • PlanID 504_ - Valestrandsfossen sentrum – reguleringsendring Fossen senter. Vedteken 15.02.2002

Føremålet med planen er å leggja til rette for eit meir definert sentrumsområde med forretning, kontor, næring og bustadar for å kunne bygge opp eit tettare og levande sentrum.

Tiltakshavar er Osterøy kommune medan planframlegget er utarbeida av Seksjon for plan. 

Planområdet er vel 935 daa stort og omfattar sentrale delar av Valestrand sentrum med tilgrensande bustadfelt og strandsone. Planforslaget er i hovudsak i tråd med kommuneplanen sin arealdel. Føremålet med planen er å leggja til rette for eit meir definert sentrumsområde med forretning, kontor, næring og bustadar for å kunne bygge opp eit tettare og levande sentrum.

Planforslaget legg opp til at sentrale delar av fylkesvegen vert bygd opp til ei «Miljøgate» med fokus på mjuke trafikantar og uformelle møteplassar. Planen opnar for at ny og eksisterande bygningsmasse mellom anna kan nyttast til forretning, kontor, bevertning, overnatting og bustad i dei sentrumsnære områda. For å få til ei positiv utvikling av sentrum som ein møtestad, og byggje opp om eit levande sentrumsmiljø, er det sett krav til at det skal ikkje vera bustad på gateplan på sentrumsføremål. Ved å blande funksjonar i området i og rundt sentrum oppnår ein meir fleksibilitet i planen og ein kan oppnå at aktiviteten i gater og bygg spreier seg i tid utover døgnet. 

Plandokumenta omfattar: 

1. Sakspapir

2. Plankart

3. Føresegner

4. Planskildring

Merknadane som kom etter 3.gangs handsaming er referert og drøfta i saksutgreiinga. 

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket kan etter plan-og bygningslova § § 12-12 3 ledd og 1-9 påklagast til Fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klage må vere framsett skriftleg til Osterøy kommune ved plan seinast innan 24.11.2017

Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Plandokument og vedtak ligg tilgjengeleg i kommunen sitt planregister og til gjennomsyn i servicekontoret på Rådhuset samt på Osterøy Bibliotek.

For å klage på vedtaket kan ein nyttte e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til Osterøy kommune, Rådhusplassen, 5282 Lonevåg.

Klagefrist: 24.11.2017. 

For å følge saka kan du gå inn her:  Du må søke på saksnummer 14/556  for å få opp info om aktuell sak 

Web levert av CustomPublish