Kunngjering opppstart KDP Oppvekst_400x435

HS-sak 007/18

Kunngjering av vedtak - Planprogram for Kommunedelplan for Oppvekst

Heradstyret har i møte 17.01.18 vedteke framlegg til planprogram for Kommunedelplan for Oppvekst.

HS-sak 007/18:

"Osterøy kommune vedtek framlegg til planprogram for kommunedelplan for oppvekst med heimel i plan- og bygningslova (PBL) §11-13”.

Planprogrammet har vert på høyring og offentleg ettersyn våren 2017. Det kom inn merknad frå fylkesmannen i Hordaland i høyringsperioden. I tillegg vart det gjennomført arbeidsseminar i sektor for oppvekst, undervisning og kultur, og på bakgrunn dette vart det gitt innspel og kommentarar til planprogramet. Desse er gjennomgått, vurdert og delvis innarbeida i revidert utgåve til planprogram.

Planprogrammet foreslår rammer og tema for det vidare arbeidet med kommunedelplanen. Framlegg til planprogram er utarbeida i samarbeid med fastsett administrativ arbeidsgruppe for å sikre fagleg innhald og med fastsett politisk arbeidsgruppe for forankring av politisk retning for tema oppvekst.

Kommunen sitt plansystem, budsjett og økonomiplan

Kommunedelplanen for Oppvekst inngår i eit rullerande plansystem som er kjent og forankra politisk og administrativt. Jamfør Plan- og bygningslova § 11-2 skal den vurderast kvart fjerde år og handlingsdelen til planen skal vurderast årleg.

Kommunen har òg starta arbeid med Kommuneplanen sin samfunnsdel (Samfunnsplanen).  Denne skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon, og vera eit godt styringsverkty for å møta utfordringane og moglegheitene framtida byr på. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal ha ein handlingsdel som skal sikra rett innsats og prioritering av ressursar for å nå målsetnadane for ønska samfunnsutvikling ein har sett seg som resultat av planprosessen.

Arbeidet med kommunedelplan for oppvekst må finna sin relasjon til det paralelle arbeidet med samfunnsdelen. Felles medverkand kan vere aktuelt å vurdere i prosessane.

Rådmannen vurderer at planprogrammet foreslår dekkande tema og metode for prosessen vidare.

Folkehelse

Folkehelse er eit grunnleggande viktig tema i kommunedelplanen. Mellom anna er fysisk og psykisk helse, barnefattigdom, inkludering og mangfald og tryggleik viktige tema i planprogrammet og for det vidare arbeidet. Aldersgruppene frå ufødte liv og fram til midten av tjueåra er vurdert som svært viktige for kommunen sin førebyggande innsats og for langtidsverknaden av folkehelsearbeidet.

Miljø

Mellom anna er gode bu- og nærmiljø og fysiske og sosiale miljø viktige i oppveksten. I tillegg kan kunnskap om og utvikling og endringar innan kultur, kulturmiljø og klima påverke barn som veks opp både positivt og negativt. Planarbeidet skal fastsette retning for korleis kommunen skal arbeide strategisk og systematisk med vidareutvikling på desse områda for å nå fastsette mål.

Økonomi

Sektor for oppvekst, undervisning og kultur (OUS) ønskjer ikkje å prioritera økonomiske ressursar til å hente inn ekstern prosjektleiing til gjennomføring av prosjektet. Dette vil kunne ha konsekvensar for framdrift i arbeidet. Ved å nytta kommunen sine eigne tilsette vil andre oppgåver tidvis måtte prioriterast framfor planarbeidet. Samstundes kan det å nytta interne ressursar i organisasjonen bidra til betre forankring og auka kompetanse.

Web levert av CustomPublish