Plankart Rundhovde til heimesida_400x285

Klagefrist 08.12.17

Kunngjering av vedtak reguleringsendring Rundhovde bustadområde - Valestrand planID 12532015005

I medhald av plan-og bygningslova § 12-12 har Heradsstyret den 01.11.17. gjort vedtak i sak 063/17 om reguleringsendring Rundhovde bustadområde - planID 12532015005. 

Framlegg til reguleringsendring Rundhovde bustadområde vart handsama i Heradsstyret 01.11.17 og Heradsstyret gjorde følgjande vedtak: 

  1. Heradsstyret vedtek i medhald av plan-og bygningslova § 12-12 reguleringsendring Rundhovde bustadområde planID 12532015005 med plankart datert 12.09.17, føresegner datert 13.09.17,  planskildring datert 25.05.17,  VA – rammeplan og VA- rammeplankart  HB-001 til HB-005 dagsett 25.05.17.
  2. Reguleringsplan Rundhovde boligområde planID 12532008600 vert oppheva og erstatta med reguleringsendring Rundhovde bustadområde planID 12532015005

Saksopplysningar:

Det er utarbeidd reguleringsendring av område på Rundhovde. Planframlegget erstattar og opphever detaljplan Rundhovde boligområde planID 12532008600. Føremålet er å regulere til bustader. Årsaka til at det vert fremma ny plan for Rundhovde er at område B14 i forslag til områderegulering for Valestrand er teken inn i planområdet. For å sikre vegframføring til dette området har det også vore naudsynt med ei omarbeiding av bustadfelt regulert i planen for Rundhovde boligområde frå 2012. Dette har gitt rom for tre nye felt med frittliggjande småhusutbygging (BF8, BF9 og BF10), samt eit felt med konsentrert småhusutbygging (BK7). Det er også regulert inn fortau langs heile tilkomstvegen i det nye planframlegget. Som følgje av vegendringa er det gjort endringar på felt BF7, BK3 og BK4 i den gamle planen, då det var naudsynt å organisere noko om på felta etter ny vegtrasé. Reguleringsendringa innbefattar heile planområde i reguleringsplan for Rundhovde boligområde planID 12532008600 og denne vert erstatta og oppheva ved vedtak av reguleringsendring Rundhovde bustadområde planID 12532015005. 

Tiltakshaver er Røndhovde Eiendom AS og plankonsulent er Asplan Viak. 

Skildring av framlegg til plan

Planområdet er på om lag 95 da og planendringa legg til rette for bygging av 86 nye bustadeiningar, fordelt på fleire typar bustader i dei nye eller omorganiserte felta. I tillegg er det allereie bygd lågblokker (BB1) med 14 bustadeiningar langs tilkomstvegen (o_V1) aust i området, og det er regulert for 7 bustader i to felt med konsentrert småhusutbygging (BK1 og BK2), som er uendra i reguleringsendringa (BK1 og BK2). Det ligg dessutan 4 eksisterande einebustader i felt regulerte til frittliggjande småhus. Totalt får planområdet 111 bueiningar med både eksisterande og planlagt bustad. Planområdet legg opp til ei variert utnytting og har felt med einebustader, to- og firemannsbustader og lågblokker. Det er knytt felles leikeplassar til alle felta, og parkering vert anten løyst på eiga tomt eller i felles parkeringskjellar under bygga.

Endringar etter høyring og offentleg ettersyn:

Statens vegvesen vurderte motsegn mot reguleringsendring Rundhovde bustadområde planID 12532015005 pga at dei meinte at rekkjefølgjekrav knytt til Vågenessvingen ikkje var godt nok sikra i føresegnene som vart lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Etter dialog har ein vorte samde om presiseringar i føresegn 4.1. sjå under. Statens vegvesen sine interesser skal etter dette i hovudsak vere ivareteke.

Oppsummering  av endringar etter innkomne merknader følgjer under.

Endringar i føresegn; Det er føreteke nokre presiseringar i eksisterande føresegner. Dette er som svar på merknader som vist til under. Føresegnene 4.1.1, 4.1.2 og 6.1.1 er noko skrive om og merka i kursiv. I dei andre føresegnene er presiseringane i kursiv.

4.1.1          Før det kan gjevast bruksløyve for meir enn 19 bueiningar innanfor BB1, BK2, BK3 og BK4 må Vågenessvingen vere utbetra i tråd med områdeplan for Valestrand sentrum (planID 12532011003) og vere godkjend for offentleg overtaking.

4.1.2           Før det kan gjevast igangsettingsløyve for nye bueiningar i felt BK1, BK5,BK6, BK7, BF2, BF4, BF5, BF6, BF7,   BF8 , BF9, BF10, BB2 og BB3 må Vågenessvingen vere utbetra i tråd med områdeplan for Valestrand sentrum (planID 12532011003) og vere godkjend for offentleg overtaking.

4.2.8          Før det kan gjevast løyve til tiltak skal det ligga føre godkjent renovasjonsteknisk avfallsplan (RTP) for avfallsløysingane innan planområdet. Renovasjonsløysinga skal vere nedgravne. RTP skal godkjennast av BiR. Planen skal visa arealstorleik og krav til tilkomst og utforming av hentestad. Returpunkt, innsamling av farleg avfall/grovavfall i nærområdet for mulig etablering av fellesløysingar, skal vera vurdert i RTP.

6.1.1          Tiltak jf pbl § 1-6 skal førast opp innanfor dei byggegrenser som er vist på plankartet. Mindre tiltak jf pbl § 20-4 kan oppførast minimum 1 meter frå føremålsgrense, dette unnataket gjeld ikkje mot offentleg veg. Naudsynte gjerder i leikeområde kan settast i føremålsgrensa så lenge frisikt er ivareteke.

6.1.3          Kjeda garasjar og einebustader med felles garasje eller felles bodar  kan plasserast inntil nabogrense men ikkje nærare enn 1 m frå føremålsgrense og fellesveg . Dette gjeld ikkje mot offentleg veg.

Endringar i plankart;

  1. Endring i planeringshøgd på felt BK4 til kote +66,5 og kote + 68,5.Plankart og illustrasjonsplan som har lagt ute til høring har vist ulike planeringshøgder for bustadane i BK4. I plankartet var det vist ei planeringshøgd for bustad med 3 etasjar, medan dei skulle ha planeringshøgd for 2 etasjer slik det er vist i illustrasjonsplanen. På BK4 er det tenkt bustader med to etasjar slik det er skildra i føresegnene i paragraf 6.3.5. Fellesveg f_V6 vil ha god kontakt md 1.etasje i BK4 og i BK3. Planskildring side 42 viser eit utsnitt av 3D modellen og viser 2 etasjar i BK4 og. Byggehøgda i BK4 blir ikkje sjølv om ein endrar planeringshøgda.
  2. Breidda på fortau o_F1 er talfesta i plankartet.
  3. Omsynssone H320 er utvida nordaust i planområdet

Plandokumenta omfattar: 

  1. Sakspapir
  2. Plankart
  3. Føresegner
  4. Planskildring
  5. Va- rammeplan- oversiktskart
  6. VA- rammeplan
  7. Eksisterande VA system
  8. Avrenningsplan og flaumvegar
  9. VA løysingar
  10. VA- løysingar utsnitt 2
  11. Illustrasjonsplan
  12. Vegetasjonsplan

Merknadane som kom etter 3.gangs handsaming er referert og drøfta i saksutgreiinga. 

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket kan etter plan-og bygningslova § § 12-12 3 ledd og 1-9 påklagast til Fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klage må vere framsett skriftleg til Osterøy kommune ved plan seinast innan 08.12.2017

Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Plandokument og vedtak ligg tilgjengeleg i kommunen sitt planregister,  til gjennomsyn i servicekontoret på Rådhuset samt på Osterøy Bibliotek.

For å klage på vedtaket kan ein nyttte e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til Osterøy kommune, Rådhusplassen, 5282 Lonevåg.

Klagefrist: 08.12.2017. 

For å følge saka kan du gå inn her:  Du må søke på saksnummer 15/1773 for å få opp info om aktuell sak 

Web levert av CustomPublish