Kunngjering - Eigedomsskattelista 2017 - nye takstar

Eigedomsskattelista for Osterøy kommune ligg til ålment ettersyn på heimesida til Osterøy kommune og i servicetorget på Osterøy rådhus frå 01.03.17.

Spesielt om eigedomsskattegrunnlag basert på bustadverdi frå Skatteetaten. Les vedlagte dokument her.

Heradsstyret i Osterøy har vedteke at det skal gjennomførast ny alminneleg taksering for eigedomsskatt i Osterøy kommune for 2017.

På bakgrunn av vedtaket om ny alminneleg taksering, har takstnemnda for eigedomsskatt i Osterøy kommune fastsett nye eigedomsskattesatsar. For bustadeigedomar der det ligg føre formuesverdiar frå Skatteetaten vert desse lagt til grunn i takstane. For kraftproduksjonsanlegg ligg det òg føre formuesverdiar frå Skatteetaten som vert lagt til grunn i takstane.

Eigedomsskatten vert rekna ut på bakgrunn av følgjande satsar som vart fastsett av heradsstyret i budsjettvedtaket for 2017:

Bustadar og fritidsbustadar           3,15 promille

Alle andre eigedomar                   7,00 promille

Skatteliste til offentleg ettersyn finn du her (oppdatert versjon 06.03.17)

Eigedomsskattetakstane vil auke mykje i høve til dei gamle takstane. Dette har samanheng med at dei gamle takstane i stor grad var frå 2007 då Osterøy kommune utvida eigedomsskattegrunnlaget til å gjelde alle eigedomar, og frå 2001 då Osterøy kommune innførte eigedomsskatt på Verk og bruk. Auken har òg samanheng med eit stort fokus på likskap i takseringsnivået for dei ulike eigedomstypane som vert skattlagt. Det er teke utgangspunkt i at svært mange bustadeigedomar no får eigedomsskattegrunnlag frå Skatteetaten sine formuesverdiar, der formuesverdien vert justert med ein lovbestemt reduksjon på 20 %. Takstnemnda har meint at det er rett å harmonisere takseringsnivået slik at ein tilnærmer seg dette nivået for alle eigedomane i kommunen for å handsama  dei ulike eigedomane og eigedomstypane mest mogleg likt og rettferdig.  Takstane fastsett av takstnemnda skal i hovudsak stå fast i 10 år.

Det vil verte lagt ut meir informasjon om rammer og retningsliner for takseringsarbeidet med det fyrste, slik at alle kan gjere seg kjent med kva som ligg til grunn for takseringsarbeidet og fastsetjinga av takstane på dei ulike eigedomstypane. Dokumentet er til reinskriving og kontroll. 

Det vil med det fyrste verte sendt ut eigedomsskattesetlar med opplysning om eigedomsskattetaksten til alle eigarane av eigedomane.

Dei som meiner taksten, og den utskrivne eigedomsskatten er feil eller urett, har høve til å klage innan 20. april 2017. Klage vert å sende til Osterøy kommune, eigedomsskattekontoret, 5282 Lonevåg eller på epost til post@osteroy.kommune.no. Ein klage skal vere grunngjeven.

Viktig: For eigedomar som har fått fastsett eigedomsskattegrunnlag på grunnlag av formuesverdiar frå Skatteetaten, vil det vere Skatteetaten som er klageinstans, ikkje kommunen. 

Meir informasjon finn du her:

Eigedomsskatt på bustadar i Osterøy kommune - bruk av bustadverdi frå Skatteetaten

Rammer og retningsliner for taksering av eigedomsskatt i Osterøy kommune

Web levert av CustomPublish