Planområde Maurhaugen til oppstart_400x277

Merknadsfrist 15.08.17.

Kunngjering- oppstart av planarbeid Maurhaugen bustad Gbnr 137, bnr 70 m.fl - Valestrand

Med heimel i plan-og bygningslova §§12-8 og 12-14 vert det varsla oppstart av privat reguleringsarbeid for Maurhaugen bustad, planID 12532016005, gbnr 137,bnr 70 m.fl

Forslagstillar er Arkoeiendom AS og utførande konsulent er Arkoconsult AS.

Planområdet er på 22,69 daa og ligg i Vardalen- Valestrand. Planområdet er i gjeldande reguleringsplan 504_2 Vardalen sett av til byggjeområde for bustad m/leikeareal og likeeins i områdeplan for Valestrand som er ute til 3. gongs høyring. Elles ligg heile planområdet markert som Gjennomføringssone - krav om felles planlegging i KPA.

maurhaugen med Valestrandplanen_200x179.png

Planområde med områdeplan Valestrand. 

Området omfattar gnr 137, bnr 70 m.fl. og føremålet med planen er å legge til rette for ei fortetting med inntil tre firemannsbustader m/tilhøyrande ute- og opphaldsareal. I tillegg vil ein tilpasse planområdet etter dagens situasjon med ein justering av veg- og gangareal. 

Planframlegget vil erstatte og oppheve delar av områdeplan for Valestrand planID 12532011003 og reguleringsplan Vardalen planID 504_2.

Oppstart vert varsla i avisa Bygdanytt og sendt til alle aktuelle naboar og offentlege instansar.

Eventuelle innspel kan sendast til Widar Sorø, Plankonsulent, Arkoconsult  AS innan 15.08.17. Epost: post@arkoconsult.no. For utfyllande informasjon kan ein ta kontakt med Arkoconsult AS Tlf: 56 39 00 03, mobil 476 30 377. 

Alle mottekne dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Osterøy kommune saman med planforslaget. 

Web levert av CustomPublish