Kunngjeringar planarbeid

Kunngjeringar pågåande planarbeid

Her kunngjer planavdelinga alt pågåande planarbeid frå kunngjering om oppstart, forslag til planprogram, høyring og offentleg ettersyn av planforslag, samt vedtak av plan. Både arealplanar, samfunnsplanar, kommunedelplanar og temaplanar vert kunngjort her.


 

Planomriss_oppstart planid 12532017002_HaugeBarnehage_400x400

Varsel om oppstart av planarbeid -reguleringsendring Hauge barnehage -planID 12532017002 - merknadsfrist 14.07.17

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 og 12-14  vert det varsla igangsetting av offentleg reguleringsarbeid for gbnr 4/124 m.fl-Hauge – i Osterøy kommune, med plannummer 12532017002, samt:

  • Endring og oppheving av utbyggingsplan for Hauge barnehage, planid: 1253 2007 0300 med endringar planid: 1253 2010 004 e1 og e2.
  • Endring av del av reguleringsplan for Fv 567 Hauge- Lonevåg, planid: 1253 2008 1200
30. mai 2017 Les meir
høyringsforslag områderegulering Valestrand_633x400

3. gongs høyring og offentleg ettersyn - Områderegulering av Valestrand sentrum planID 12532011003

Merknadsfrist 30.06.2017

Framlegg til områderegulering for Valestrand sentrum har vert til 3.gongs politisk handsaming i Heradstyret 29.03.2017. I møtet vart det vedteke 16 endringar av planframlegget før heradstyret gjorde slikt vedtak:

"Framlegg til Områderegulering Valestrand sentrum, plannummer 12532011003, med føresegner, planskildring og plankart dagsett 24.02.2017, samt tilhøyrande vedlegg og med dei endringar som er vedtekne i møtet 29.03.17, vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10".

18. mai 2017 Les meir
Kunngjering opppstart KDP Oppvekst_400x435

Oppstart planarbeid - Kommunedelplan for Oppvekst planID 12532015008

Høyring og offentleg ettersyn av planprogram - Merknadsfrist 30.juni 2017

Med heimel i plan- og bygningslova § 11-13 har Formannskapet i møte 03.05.2017 vedteke oppstart av planarbeid og høyring og offentleg ettersyn av planprogram kommunedelplan for oppvekst Osterøy kommune.

FS - vedtak - 035/17:

"Osterøy kommune legg forslag til planprogram for kommunedelplan for oppvekst ut på høyring og offentleg ettersyn i minimum seks veker med heimel i plan- og bygningslova (PBL) §11-13."

15. mai 2017 Les meir
Kunngjering opppstart Fosslid_452x300

Kunngjering - oppstart planarbeid Fosslid bustad gbnr 137/200 m.fl - Valestrand

PlanID 12532016006 - frist for innspel 26.06.17

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Fosslid bustad gnr. 137, bnr. 200, m.fl., i Osterøy kommune (PlanID 12532016006).

12. mai 2017 Les meir
Skjermbilde

Høyring sjø- og strandsoneplanen

2. gongs offentleg ettersyn av sjø og strandsoneplanen

Heradsstyret vedtok i møte 22. februar å leggja ut kommunedelplan for sjø og strandsone ut på høyring. Alle kan kome med uttale og merknadar til planen men det er ikkje opna for å kome med innspel om arealendringar. Frist for høyring er sett til 2. juni.

06. april 2017 Les meir om høyring sjø- og strandsoneplanen.
Web levert av CustomPublish