Kva er idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning?

Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning er eit av fleire ledd i prosessen med å søkje spelemidlar. Frist for å søkje idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning hjå kommunen er 30. november.

Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning er det kommunen som har ansvar for. Dette er for å sikre at anlegget er ein del av kommunen sine planar, og undersøkje behov tilknytt oppretting/rehabilitering av anlegga/tiltaka. Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning må ikkje forvekslast med teknisk godkjenning/byggesaksgodkjenning, som i dei fleste tilfelle også må søkjast om. Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning er gyldig i to år.

Les meir i Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2017.

Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning må vere godkjent FØR byggearbeidet byrjar, elles kan ein miste retten til å søkje spelemidlar.

Før du går inn på søknadskjema, sjekk at du har alle vedlegga og anna du treng for å fullføre søknaden:

  • Søknadsdokument som skildrar anlegget/tiltaket
  • Fullstendig teikningsgrunnlag
  • Beskrivelse av korleis universell utforming er ivaretatt
  • Beskrivelse av arkitektur, estetikk og miljøforhold
  • Rett til bruk av grunn dersom søkjar ikkje er grunneigar
  • Behovsoppgåve
  • Enkelt kostnadsoverslag
  • Foreløpig plan på finansiering og drift
  • Sjekk om anlegget/tiltaket er i handlingsprogram for kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.
  • Sjekk at du har eit anleggsnummer på anlegget/tiltaket. Har du ikkje anleggsnummer, må du kontakte frivilligkoordinator, som opprettar dette i anleggsregisteret.

Elektronisk søknadsskjema finn du her.

Web levert av CustomPublish