Kva er spelemidlar?

Spelemidlar er ei tilskotsordning for bygging og rehabilitering av anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Midlane er overskot frå Norsk tipping og skal gå til samfunnsnyttige føremål.

Frist for å sende spelemiddelsøknadar til kommunen er 15. desember.

Søknaden skal sendast via skjema på www.anleggsregister.no. Der kan du også lese meir om Kulturdepartementet sine tilskotsordningar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, til kulturarenaer, og til løypetiltak i fjellet og overnattingshytter.

På Hordaland fylkeskommune sine nettsider kan også du lese meir om tilskotsordninga: Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet .

For meir informasjon og rettleiing, ta kontakt med frivilligkoordinator i kommunen.

 

Web levert av CustomPublish