Nye byggereglar frå 1.juli

Nye byggereglar frå 1.juli

Nye byggereglar frå 1.juli 2015

Frå 1. juli 2015 er det endringar i plan- og bygningslova og forskrift om byggesak. Lista over kva tiltak som ikkje krev søknad og løyve verte utvida, jf. forskrift om byggesak endra § 4-1.

Sjå Lovdata: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-03-08-206 (endringar i forskrift) og https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2008-06-27-71 (endringar i plan- og bygningslova).

Det er framleis eit vilkår i lova at det ein ynskjer å byggje ikkje er i strid med plan- og bygningslova med forskrifter, arealdelen i kommuneplanen og reguleringsplan, jf. plan- og bygningslova § 1-6, 2. ledd.

nettsida til Direktoratet for byggkvalitet ligg det utfyllande informasjon om kva reglar som gjeld.

Det ligg mellom anna ein rettleiar "bygg utan å søke" på nettsida. Dette er ein rettleiar der ein punktvis kan sjekke om tiltaket er søknadspliktig eller ikkje: http://www.dibk.no/no/Tema/bygg-uten-a-soke/#

Vidare ligg det 12 informasjonsark frå NKF (Norsk kommunalteknisk forening): http://www.dibk.no/no/BYGGEREGLER/Nyheter-byggeregler/informasjon-om-de-nye-byggereglene/

Tiltakshavar har ansvaret

Det er tiltakshavar som har ansvar for at tiltaket vert utført i samsvar med lov, forskrifter, arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplan og løyve.

Tiltakshavar er mellom anna ansvarleg for avklaring av plangrunnlaget for tiltaket: http://braplan.geoweb.no/braplan/

Dersom tiltaket er i strid med plan (kommuneplan/reguleringsplan) må det søkjast om dispensasjon, sjå informasjonsark om dispensasjon.

Dersom kommunen gjev dispensasjon til tiltaket, og tiltaket ikkje er i strid med anna regelverk, kan tiltak som ikkje krev søknad og løyve førast opp. Kommunen skal likevel ha melding om at tiltaket er oppført. Dette vert gjort ved å fylla ut og senda inn skjemaet "Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt - (blankett 5188)" til kommunen.

Dersom kommunen skal svare på andre spørsmål enn planstatus, er det viktig å få spørsmåla skriftleg, t.d. e-post via post@osteroy.kommune.no

Web levert av CustomPublish