"Eg har laga ho sjølv"

Låtverkstad i studio

Mange sit gjerne for seg sjølve og klimprar eigne tonar på eit instrument, eller skriv små tekstliner i det skjulte. I dette faget vil du få gode råd på vegen og hjelp til å skapa eit ferdig musikalsk produkt anten det er eit instrumentalt stykke eller ein song.  Kulturskulen kan tilby studiotid og god coaching gjennom heile prossessen frå ide til ferdig innspelt produkt. Me har godt opptaksutstyr og det siste i programvare. Ved å vera ein del av kulturskulen, har du og tilgang til andre elevar som kan hjelpa til med koring og speling på ulike instrument. 

Tilbodet vert organisert som 40 minuttars økter over 18 veker. 

Dersom det er to som vil ha eit prosjekt i lag, vil øktene bli på 80 min. 

Web levert av CustomPublish