Astrid Øvsthus, Ingelin Burkeland og Ivar Sandgren på planleggingsdag i Osterøyskulen.

Astrid Øvsthus, Ingelin Burkeland og Ivar Sandgren på planleggingsdag i Osterøyskulen.

Lærerik planleggingsdag

Fredag 10. november var alle lærarar og leiarar i Osterøyskulen, sektorleiinga og PPT samla til felles planleggingsdag. Tema for dagen var "Aktiv i eiga læring - læringsleiing og læringsmotivasjon." Og forelesaren - Ingelin Burkeland - er sjølv i frå Osterøy.

Osterøyskulen er samleomgrepet på alle dei kommunale grunnskulane. Ein har gjennom mange år satsa mykje på felles organisasjonsutvikling, mellom anna gjennom signaturen «leiing på alle nivå».

Tema for dagen var dermed ikkje tilfeldig: «Aktiv i eiga læring - læringsleiing og læringsmotivasjon.» 

Gjennom fin variasjon mellom teoretisk påfyll og praktiske døme frå skulen, dialog i grupper og humørfylte øvingar fekk dei tilsette både påfyll og viktig stadfesting på mykje av det positive som går føre seg i skulane.

Kva fremmar elevane si læring? Kva er framtidas kompetansebehov? Korleis bygger vi  elevane og dei vaksne sitt arbeidsmiljø gjennom haldningar og kultur som ei sterk kraft?

Her kjem tankemåtane våre inn. Tenker vi etter såkalla Growth eller Fixed Mindset? Førstnemnde er  klart mest konstruktivt idet ein leitar etter moglegheiter for løysingar og læring framfor problem og hinder og blir engasjert av utfordringar. 

Forelesar frå Osterøy

Ingelin er som sagt opprinneleg frå Osterøy. Ho har erfaring som lærar, avdelingsleiar og rektor innanfor ulike skular og er no seniorrådgjevar i KS Konsulent. I dei mange gode tilbakemeldingane på slutten av dagen vart Ingelin takka for ein inspirerande, relevant og lærerik dag.

Web levert av CustomPublish