Ledige stillingar i Osterøy kommune

Takk for at du vil søkja stilling i Osterøy kommune!

Osterøy kommune er den største arbeidsgivaren i kommunen og har stillingar innan ulike felt, til dømes arbeid i skule og barnehage, pleie og omsorg, arbeid innan teknisk drift og forvaltning og til administrasjon.

Her kan du sjå kva ledige stillingar vi har i Osterøy i dag!

Sjå oversikt over ledige stillingar her.

 

Vil du søkja ein av dei ledige stillingane i Osterøy kommune? Merk følgjande:

  • Alle søkjarar vert sterkt oppmoda om å nytta det elektroniske søknadsskjemaet. I tillegg til at det lettar sakshandsaminga, er du sikra at alle opplysningar du oppgir i søknaden, kjem med på søkjarlista.
  • Er du førstegongssøkjar, må du sjølv oppretta brukarnamn og passord for å logge deg inn. 
  • Arbeider du i kommunen frå før, loggar du deg inn på vanleg måte i Visma/ meg sjølv.
  • Attestar og vitnemål kan lastast opp som vedlegg i søknaden, men det er like greitt at du tek dei med til eit eventuelt jobbintervju.
  • Til stillingar som inneber at ein arbeider med born, psykisk funksjonshemma menneske og helse og omsorg krev vi politiattest. Søknadsskjema og rettleiing for slik attest finn du på www.politiet.no.
  • Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli gjort kjent gjennom offentleg søkjarliste.
  • Treng du elles hjelp til registreringa, kan du ta kontakt med personalavdelinga i kommunen. Ring sentalbordet 5619 2100 som vil setja deg over.

 

Kjem du ikkje inn på oversikta over dei ledige stillingane?

Ring ekspedisjonen på rådhuset på 5619 2100, og be om å få snakka med ein rådgjevar på personalavdelinga.

Verkar ikkje det elektroniske søknadsskjemaet?

Verkar ikkje systemet slik det skal, ring 5619 2100 og be om å få snakka med ein av sakshandsamarane våre på personalavdelinga. 

Lukke til!

 

 

 

Web levert av CustomPublish