Legetenesta

Legetenesta i Osterøy kommune har som oppgåve å gje brukarane tilbod i form av legetenester på dagtid og akutt hjelp på kveld, natt og helg. I tillegg har legane tilsynsverksemd for pleie- og omsorgstenesta og konsultasjonar på helsestasjonen inkludert skulehelseteneste.

Osterøy kommune har to legekontor

Ein vender seg direkte til legekontoret for avtale om time.

Lonevåg legesenter: Telefon 56 19 23 60.
Lonevåg legesenter har internettløysning for timebestilling og resept.

Valestrand legekontor: Telefon 56 19 40 40.

Fastlegane er allmennpraktiserande legar som har inngått avtale med kommunen om å ta del i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytt til ein namngjeven, allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen.

Det blir nytta vikarlege når nokon er borte over lengre tid, elles vikarierer legane for kvarandre.

Kva kan du forvente av legetenesta?

  • Kapasitet til å få tildelt fastlege, og evt byte lege
  • Bli møtt på en venleg og respektfull måte
  • Bli møtt av kompetent fagpersonell
  • Få alminnelege fastlegetenester innan rimeleg ventetid
  • Få akutt legehjelp etter behov
  • At du blir tatt med på råd om utredning og behandling
  • At du får tilbakemelding ved unormale prøvesvar
  • At legane og personalet elles samarbeider til det beste for deg som pasient

Kva forventer vi av deg som pasient?

  • At du møter presis til avtalt time
  • At du gir beskjed i luka ved endring av navn, adresse, telefonnummer eller arbeidsgjevar
  • At du gir beskjed hvis du har fått frikort
  • At du betalar før du går (kontant / bankterminal)
  • At du avbestiller timen seinast 24 timar før, dersom du ikkje kan møte
  • At du viser tålmod ved forseinkingar. Av og til er pågangen stor, eller andre har behov for akutthjelp

Offentlege oppgåver

Kommuneoverlegen er kommunen sin medisinskfaglege rådgjevar. Ho er bland anna ansvarleg for miljøretta helsevern og er kommunen sin smittevernlege. Kommuneoverlegen har i tillegg ansvar for legevakta. Kommuneoverlegen er tilsett i 40% stilling.

Sjukeheimslegen arbeidar i 60% stilling på Osterøytunet, og innehar det medisinskfaglege ansvaret på institusjonen. Ho syter for å utvikle og kvalitetssikre det medisinske tilbodet til pasientar/bebuarar i tråd med samhandlingsreforma.

Andre offentlege oppgåver

  • Skule- og helsestasjonsteneste
  • Rettleiing m.m.

Dersom det er spørsmål om legetenesta i Osterøy kommune kan e-post nyttast: post@osteroy.kommune.no.

Kva er kravet for å motta tenesta?

  • Alle som er busett i ein norsk kommune har rett til å stå på liste hjå ein fastlege. Som busett vert rekna den som folkeregisteret har registrert som busett i ein norsk kommune.
  • Den som har rett til å stå på liste hjå ein fastlege kan kome med ønskje om lege. Dette ønsket skal imøtekomast så langt det er ledig plass på fastlegen si liste.
  • Det er høve  å velja fastlege utanfor bustadkommunen.
  • Den eller dei som har foreldreansvar skal velja fastlege for barn under 16 år .
  • Ved fylte 16 år avgjer barnet sjølv kva fastlege det ynskjer.
  • Ein har rett til å skifta fastlege inntil to gonger pr år så langt det er ledig plass på annan lege si liste. Fastlegen kan ikkje nekta å ta nokon inn på lista dersom det er ledig plass.
  • Person på fastlege si liste har rett til ny vurdering av sin helsetilstand hjå annan lege enn sin eigen fastlege dersom legen som gjer ny vurdering er knytt til fastlegeordninga, og personen samtykkjer i at journalnotat vert sendt til denne fastlegen.
  • Vert person som står på fastlege si liste teken inn i helseinstitusjon eller annan institusjon med organisert legetenste, vert ansvaret overført til institusjonen. Vedkomande vert likevel ståande på fastlegen si liste.
  • Det er høve til å reservera seg mot ordninga med fastlege. Ein må i så fall betala høgare eigenandel ved legebesøk, og ein vert prioritert etter legane sine listepasientar.

Bytte fastlege

Dersom du vil skifte fastlege går du inn på lenka: skifte fastlege.

Har du ikkje høve til å bruke internett, kan du ringje HELFO på telefon 810 59 500.  Ha fødselsnummeret ditt (11 siffer) klart før du ringjer. HELFO fortel deg om tilgjengelege fastlegar og set deg på lista til den fastlegen du ynskjer dersom legen har ledig kapasitet.

Byttet gjeld frå den fyrste dagen i månaden etter at byttet er registrert. Du får eit brev som stadfester at du er tildelt ny fastlege.

Legevakt

legevakt_120x40.png

Alle kommunar i Noreg har ei legevaktordning for øyeblikkeleg helsehjelp heile døgnet.
Når du ringjer 116 117 kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg. Opne PDF her for meir info.
Er det akutt og står om liv, ring 113.

Elles kontaktar du Nordhordland legevakt på tlf 56 35 74 60. Du møter autorisert sjukepleiar på telefonen.
Adresse: Kvassnesvegen 48A, 5914 Isdalstø.


Vis større kart

Nordhordland Legevakt si oppgåve er å gje hjelp med helseproblem som ikkje kan vente til vanleg kontortid (sjå brosjyre i meny til høgre).

Nordhordland legevakt krev betaling etter faste takstar. Om du betaler kontant eller med kort, unngår du faktureringsgebyr. Ta med eventuelt frikort.

Øyeblikkeleg hjelp, døgnopphald på Nordhordland legevakt

Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald er eit tilbod som pasientar får i staden for innlegging i sjukehus.

Dette er eit nytt og utvida helsetilbod for innbyggjarane i Nordhordland og Gulen.

Døgntilbodet er lagt til Nordhordland legevakt, og sikrar dermed innbyggjarane eit godt og forsvarleg helsetilbod (sjå brosjyre i meny til høgre).

Web levert av CustomPublish