LivOGLyst logo

LivOGLyst - Lokalsamfunnskonferanse

Partnarskapen ved Innovasjon Norge, Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune ønskjer nye søkjarar velkomne til Lokalsamfunnskonferansen v/LivOGLyst 20. september. Hovudtema for årets konferanse er «Å skape saman».

LivOGLyst er eit program og nettverk for deg som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet ditt. Føremålet er å styrkja lokalsamfunnet i brei forstand, med omsyn til lokal identitet, bulyst og lokalt næringsliv. Ein kan søkja seg inn i programmet som både tilbyr kunnskapsheving, kurs, nettverk og økonomisk tilskot.Frist for søknadar for prosjektåret 2019 er 25. oktober 2018.

Påmeldingsfrist til konferansen er 1. september. Konferansen er gratis.

Les meir om LivOGLyst konferansen og meld deg på her.

Web levert av CustomPublish