MEDIA

Film, Foto og grafisk design

DERSOM DU HAR INTERESSE for film, foto eller grafisk design kan det vera lurt å melda seg på vår mediagruppe. Det vert fleire og spanande oppgåver for denne gruppa framover.

Dette skuleåret har 5 imac maskiner med oppdatert adobe programvare stått til disposisjon for våre elevar. Til hausten 2018 vil avdelinga bli utvida og elevane vil få større plass å boltra seg på. Media er eit satsingsområde og me oppfordrar elevar med interesse for bilde og film å melda seg på.

mediaillustr-stand_113x600.jpg

Osterøy Kulturskule har hatt mediagruppe i fleire år, Steinar Vatle står ansvarleg for faget og er ein kreativ sjel med lang erfaring med lyd og bilde. Til hausten vil me få som lærar og hittil har det dreia seg mest om film. No skal dette verta eit breiare og meir allsidig fag, og nye spanande oppgåver står i kø for dei med media-interesse.

I vår mediagruppe får du arbeida med programvare frå Adobe Creative suite,der vi bruker Photoshop, Illustrator, InDesign og Premiere Pro. Fotografering og bildebehandling er eit eventyr i Photoshop, og berre fantasien set grenser for kva som kan lagast der.

Mediagruppa får også arbeida med design av plakatar til kulturskulen sine konsertar og arrangement.

Mediagruppa vil og kunne vli engasjert i samarbeidsprosjekt med kunst og teaterfag. 


Stad:
Mediagruppa held til i kulturskulen sine lokaler på Hatland, der vi har lyd- og bildestudio elevane kan boltra seg i.


Tid: 
Mediagruppa har undervisning på ettermiddagstid. Undervisningstida kan variera i forhold til storleiken på gruppa. Onsdag har til no våre "mediadagen"

kameraligg.jpg

Web levert av CustomPublish