Osterøy og frivilligheit

Osterøy og frivilligheit

Medverknadsmøte frivilligpolitikk torsdag 7. september

Er du engasjert i frivillig aktivitet i Osterøy kommune, interessert i å skape eit betre lokalsamfunn, skape møteplassar eller få folk i aktivitet?

Då er DU invitert til arbeidsverkstad torsdag 7. september klokka 18.00-21.00 på Osterøy bibliotek.

Les meir om medverknadsmøtet her.

Eldsjeler, organisasjonar og andre interesserte kan vere med å sei noko om kva behov frivilligheita har for å kunne fortsetje det gode arbeidet og utvikle seg vidare, og korleis ein kan leggje til rette for samarbeid mellom kommunen og frivillig sektor.

Spørsmål som me ynskjer å drøfte gjennom arbeidet på arbeidsverkstaden er:

  1. Kva erfarer de er dei tre største utfordringane med å drive frivillig arbeid i Osterøy kommune?

  2. Kva tiltak kan betre samarbeidet mellom kommunen og den lokale frivilligheita?

  3. Har de store og små tankar om kva Osterøy kommune og frivillig sektor kan få til i eit samarbeid?

  4. Har de andre innspel som kan vere viktig å ha med i arbeidet med frivilligpolitikken?

Drøft gjerne spørsmåla i organisasjonen din, laget ditt eller med naboen, slik at du har gjort deg nokre tankar om kva som er viktig før du kjem på arbeidsverkstaden.

Ein representant frå Hordaland fylkeskommune kjem og fortel litt om bakgrunnen for utvikling av frivilligpolitikk. Askøy kommune kjem og fortel litt om korleis dei har arbeida med dette, og kanskje nokre gode eksempel på kva ein kan få til i eit samarbeid.

Me ynskjer også å få innspel til medlemmar til eit frivilligutval /referansegruppe denne kvelden, som skal bidra i arbeidet vidare med frivilligpolitikken.

Fint om de kan melde frå til frivilligkoordinator om de kjem sånn at me har nok stolar og bord til arbeidsverkstaden. Det vert servert  kaffi og litt å bite i.

Vel møtt!

Web levert av CustomPublish