Du er her: Start»MELDE FEIL

Meldingsteneste

Pr i dag gjeld tenesta berre veglys.

Her kan du senda inn melding om feil og manglar om tilhøve som gjeld veg, vatn, avløp, renovasjon, kommunale bygg m.m. Du kan også sjå meldingar som alt er innrapportert for å unngå å registrera same feil fleire gonger. Eventuelle skildringar og informasjon om deg som meldar vil ikkje vere synleg på nettet for andre enn dei som skal behandla saka.

Viktig: Akutte hendingar som ikkje kan vente til ordinær arbeidstid skal ikkje meldast her.

Kvardagar kl. 08.00-15.00 kan du ta kontakt med sentralbordet i Osterøy kommune tlf 56 19 21 00, og kvardagar etter kl. 15.00 og i helgar må du ta kontakt med teknisk vakt tlf 56 39 01 26.

Dersom du har problem med å nytte meldingstenesta på smartphone eller nettbrett, klikk her for å opne meldingsløysinga.

Melde inn feil på veglys

Klikke på «pluss» knappen under meldingsfane for å kome i gong, deretter klikker du «velg tema» og så «Veglys». Alle veglys i kommunen vil no visast i kartet. Du kan no velje ein beskrivande kode for å presisere feilen.

Du kan angi kvar feilen ligg ved å dra i kartet, zoome inn til du finn punktet og så klikke i kartet. Alternativt kan du angi telefonnr., namn eller adresse. Viss register knytta til desse er i orden vil punktet plasserast i kartet automatisk. Du kan då beskrive kvar feilen ligg.

Viss du vil ha tilbakemelding når feilen er retta kan du oppgi e-post adressa di og få melding automatisk. Bruk gjerne supplerande kommentar i feltet nedst.

 

Web levert av CustomPublish