Bilete planprogram

Melding om fastsetting av planprogram områderegulering Lonevåg planID 12532015001

Heradsstyret gjorde følgjande vedtak i sak 062/18 den 20.06.18: "Heradsstyret vedtek planprogram for områderegulering Lonevåg planID 12532015001 datert 08.05.18 slik det ligg føre."

Det er utarbeida forslag til planprogram for områderegulering av Lonevåg. Planprogrammet føreslær rammer og tema for det vidare arbeidet med områdeplanen. Framlegg til planprogram er utarbeidd av planavdelinga.

Framlegg til planprogram for områderegulering Lonevåg var på offentleg høyring og ettersyn i perioden 190218-050418. Det kom inn 13 merknader til oppstarten. Hovuddelen i innhaldet i merknadane var innspel til planprosessen. Noko var informasjon som ein kan nytte seg av i planlegginga og noko var ting som ein må vere merksam på og ta med i ein planprosess. Det var også innspel til korleis ein juridisk skal sikre at omsyna dei viser til vert ivareteke i eit planframlegg.

Merknadane

Det kom inn 13 merknader der seks  var frå offentlege myndigheiter, to var frå offentleg eigde verksemder, tre var frå lag/organisasjonar, ein var frå privatperson og ein var frå privat verksemd.

Hovuddelen i innhaldet i merknadane var innspel til planprosessen. Noko var informasjon som ein kan nytte seg av i planlegginga og noko var ting som ein må vere merksam på og ta med i ein planprosess. Det var også innspel til korleis ein juridisk skal sikre at omsyna dei viser til vert ivareteke i eit planframlegg. Det er gjort nokre små endringar i planprogrammet .

Endringane er gjort greie for under:

 

Høyringsutkast

Til vedtak

Datering

031017

08.05.18

Tabell 4 Overordna føringar

  • Regional plan for attraktive senter i Hordaland – senterstruktur, tenester og handel (på høyring)

Teke vekk (på høyring)

Tabellane side 25

Feil i nummereringa

Retta

Tabell 4 overordna føringar

 

Sett inn « Regional kulturplan 2015-2025- Premiss: kultur»

Dokument i saka:

  1. Sakspapir 
  2. Planprogram​​ ​

Ein kan ikkje sette fram klage på fastsett planprogram. 

 

Web levert av CustomPublish