Mitt Osterøy 2050 - Konkurranse for barn og unge

MIttosteroy2.png

 

Takk for alle bidrag til konkurransen "Mitt Osterøy 2050"!

I samband med planprosessen til Samfunnsplanen har ein arrangert ein konkurranse der barn og unge vert oppmuntra til å levera eit kreativt innspel der ein skildra korleis ein trur eller ønskjer at Osterøy kjem til vere i 2050. 

Det har kome mange flotte konkurransebidrag og ein ønskjer å takke alle som har sendt inn bidrag for flotte og kreative arbeider!  

Juryen har nå vurdert alle bidraga som har kome inn og har innstilt 4 vinnarar. Vinnarane vert kåra og premiert i Heradstyremøte 22 juni på Rådhuset. Vinnarar vert kontakta i forkant av møte. 

 

Alle bidrage vil vere ein del av det vidare arbeidet med Samfunnsplanen og ein vil samla alle bidraga på kommunen sine heimesider. 

 

MIttosteroy2

SISTE FRIST for bidrag til Konkurransen MITT OSTERØY 2050

 Lever ditt bidrag innan 1. MAI, 2016!

24. februar 2016 Les meir
Spørjeundersøking Bruvikdagen_667x500

Har du visjonar for Osterøy?

Bygdanytt: 25. september 2015

Osterøy kommune skal arrangera ein konkurranse for born og unge der dei blir oppmuntra til å bidra med sine framtidsvisjonar for Osterøy. Saftig pengepremie blir det òg.

22. oktober 2015 Les meir
mitt osterøy 2050

Konkurranse for born og unge - Mitt Osterøy 2050!

Konkurranse for barn og unge i samband med Kommuneplanen sin samfunnsdel.

«Mitt Osterøy 2050!» er ein konkurranse der barn og ungdommar vert oppmuntra til å levera eit kreativt innspel til planprosessen til Samfunnsplanen. Oppgåva er å skildre korleis ein ønskjer eller trur at Osterøy kjem til å utvikle seg fram mot 2050. Konkurranseforma er open og innspel kan vere til dømes film, foto, essay, skodespel, dans, song m.fl. Innspela blir vurdert av ein jury og vinnar/ane blir premiert.

Tidsperspektiv: August til desember, 2015

03. juli 2015 Les meir
Web levert av CustomPublish