Bilde framside Moglegheitsstudie_400x285

Moglegheitsstudie for Lonevåg

Kommunen har fått midlar frå Hordaland fylkeskommune til å gjennomføre ein moglegheitsstudie som skal vise ei mogleg framtidig utvikling av kommunesenteret Lonevåg. 

Asplan Viak har vore engasjert av Osterøy kommune for å utarbeide ei flaumfarekartlegging med forslag til løysingar og moglegheitsstudie for kommunesenteret Lonevåg. Oppgåva er tredelt: 1) fl aumfarekartlegging, 2) konseptanalyse og 3) moglegheitsstudie. Denne rapporten omfatter moglegheitsstudien.

Asplan Viak skriv at: Moglegheitsstudien skal gi Osterøy kommune inspirasjon til vidare planarbeid for Lonevåg. Moglegheitsstudien vil saman med tettstadanalysen vere eit grunnlag og utgangspunkt for vidareutvikling av Lonevåg. Føremålet med moglegheitsstudien er å vise ei mogleg framtidig utvikling av kommunesenteret Lonevåg. Moglegheitsstudien har fokusert på å legge til rette for eit styrka sentrum med ny sentrumsstruktur både for å handtere fl aum- og overvatn og utvikle Lonevåg som tettstad. Moglegheitsstudien viser hovudgrep for veg, grønstruktur, møteplassar og bygningar.

Bilde1_300x225.jpgBilde 1

Rapporten er utforma i liggande A3-format, og vil vere best leseleg i dette formatet. All tekst og alle bilete og illustrasjonar er av slik storleik at rapporten også kan lesast i A4- format.

Moglegheitsstudien (obs stor fil).

Bilde 1

Bilde 3

Bilde 4

Bilde 5

Bilde 6

Bilde 7

Har du innspel eller kommentarar til moglegheitsstudien eller løysingane som er føreslått så ta kontakt med planavdelinga. Du kan gjerne sende e-post på: post@osteroy.kommune.no 

Web levert av CustomPublish