nAUSTOMRÅDE PÅ HAMRE SOM DET ER MOTSEGN TIL

Motsegn til sjø- og strandsoneplanen

Fylkesmannen fremjar motsegn til 4 arealendringar knytt til etablering av tiltak i strandsona. Hordaland fylkeskommune trekk attende si motsegn til kommunen sitt ynskje om å leggja til rette for bærekraftig akvakultur i Sørfjorden.

No er alle uttalane til sjø- og strandssoneplanen komen inn. Fylkesmannen og Hordaland fylkeskommune har fått utsett frist grunna synfaring og møte.Generelt peikar både fylkeskommunen og fylkesmannen på at kommunenhar gjort ein god og grundig jobb med planen.

Fylkesmannen har motsegn til arealinnspel om naustområde på Raknes, Hamre og Bruvik. I tillegg er det knytt motsegn til manglande utgreiingsnivå på område for landbasert akvakultur i Kårvika (sjå vedlegg nederst på sida). Så lenge det er knytt motsegn til planen kan ikkje kommunen endeleg vedta denne i heradsstyret.

Hordaland fylkeskommune vedtok etter synfaring og møte ikkje å fremja motsegn mot kommunen sitt ynskje om å stille miljøkrav til framtidig akvakultur i Sørfjorden. Kommunen vonar at dette kan opne for eit bærekraftig verdiskaping innan oppdrett i fjorden.

Kommunen vil no vurdera dei ulike motsegnpunkta og korleis ein skal handtera desse. Det er difor vansksleg å sei noko om tidsplanen framover men ein vonar at planen kan få eit endeleg vedtak innan februar 2018.   

FRÅSEGN HORDALAND FYLKESKOMMUNE

MOTSEGN FYLKESMANNEN

 

 

Web levert av CustomPublish