Næring på Osterøy

Mange ostringar driv eiga næringsverksemd. Osterøy er kjenneteikna av mange små bedrifter og ingen store hjørnesteinsbedrifter.
 

Mest kjend er nok det aktive småindustrimiljøet der dei aller fleste bedriftene er lokalt eigde familieverksemder. Ei viktig årsak til denne posisjonen er det aktive samspelet og samarbeidet i småindustrimiljøet.

Osterøy Industrilag er ein viktig katalysator; skipa same året som Osterøy vart eigen kommune i 1964. Osterøy har kjende varemerke som Tysse biltilhengjarar, Lerøy Fossen med røykt aure og LOBAS garasjeportar og taksikringsutstyr. Mange av Osterøy-bedriftene opererer i underleverandørmarknaden.

Ostringane er kjende for å ha levert ferdighus etter mange bybrannar i Bergen og bygg- og anleggsnæringa står sterkt. Mange ostringar er også engasjerte i transportbransjen. Andre viktige næringar på Osterøy kan du lese om i undermenyane.

Ostringane har utvikla eit godt samarbeid mellom skule og næringsliv, noko nybygget til Osterøy vidaregåande skule frå 2010 er eit resultat av. I ein flott verkstadhall med moderne utstyr er Kompetansesenteret for CNC og robot etablert.

Mange ostringar reiser over fjorden på arbeid. Det er difor eit godt grunnlag for etablering av nye arbeidsplassar. Osterøy kommune arbeider no aktivt saman med Osterøy Entreprenør AS om etableringa av Espevoll Næringsområde, stort og Bergensnært, berre 6 minutt frå stamvegen E16 Bergen - Oslo og 10 minutt frå Arna.

Web levert av CustomPublish