Sosialtenesta

Sosialtenesta er gått inn i NAV Osterøy som held til i Servicekontoret på Rådhuset i Lonevåg.

Sosialtenesta

Sosialtenesta skal sikre økonomisk og sosial tryggleik gjennom rettleiing, gjeldsrådgjeving, økonomisk stønad og tiltak i samarbeid med andre instansar. Brukarar med samansette hjelpebehov har rett til ein individuell plan som er som tilpassa den enkelte sine behov for tiltak. Sosialtenesta retter seg i utgangspunktet mot vaksne, det vil sei personar over 18 år, og er heimla i lov om sosiale tenester.

Økonomisk sosialhjelp er eit rettkome krav når alt anna er prøvd. Sakshandsamar krev opplysningar som stadfestar den økonomiske situasjonen. Dersom du er arbeidsledig, må du sjølv gjera ein innsats for å skaffa deg arbeid. Økonomisk sosialhjelp skal dekkje grunnleggjande behov. Økonomisk sosialhjelp kan du få som lån dersom det er sannsynleg at du maktar å betale lånet attende seinare. Sosialtenesta har høve til å stille vilkår for ytinga.

NAV Osterøy er eit samarbeid mellom staten og kommunen. Felles mål for NAV Osterøy er å arbeida for å få fleire i arbeid og aktivitet og færre på stønad gjennom å tilby enklare og meir tilpassa tenester til brukarane. Du får kontakt med NAV avdeling sosialtenesta via Servicekontoret på Rådhuset. Andre statlege ytingar skal gå igjennom NAV kontaktsenter tlf. 55 55 33 33.

Skriv ut Skriv ut
Web levert av CustomPublish