No kan du søkja tilskot til utsiktsrydding

Utsiktsrydding skal medverke til å fremje verdiar knytt til landbruket sitt kulturlandskap. Attgroing kan vere ei ulempe for både landbruket og reiselivet. Difor har Hordaland fått tildelt 3 millionar kroner i 2018 til å rydde både i landbruket sitt kulturlandskap og i område som gjev utsikt til dette. Søknadsfrist er 1. mars 2018.

Søknadsprosessen

Søknad om tilskot skal sendast til kommunen der tiltaket skal utførast. Kommunen skal gje uttale til tiltaket og Fylkesmannen fattar vedtak om tilskot. Søknaden må skildre tiltaket med kostnadsoverslag, kart og fotodokumentasjon. Vidare må det vere ein 3 års plan for vedlikehald av arealet. Retningsliner og søknadsskjema er utarbeida og ligg her på høgre side. I alle prosjekt vert det viktig å finne dei gode samarbeidspartnarane og å prioritere dei viktigaste ryddepunkta etter skogfaglege og trafikktryggjande synspunkt. For 2018 får tilskotsordninga to søknadsfristar: 1. mars og 1. september.

Søknad kan sendast pr e-post til post@osteroy.kommune.no eller til pr post til Osterøy kommune, Rådhusplassen, 5281 Valestrandsfossen

For meir informasjon sjå nettsida til Fylkesmannen i Hordaland her.

Web levert av CustomPublish