Ny i Osterøy

Osterøy er ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa og har både bru og ferjesamband med nabokommunen Bergen. Kommunesenteret, Lonevåg, ligg ca 45 min frå Bergen sentrum.

Innbyggjartalet er aukande og er no over 8000.

Næringslivet er variert, m.a moderne industri med bakgrunn i gamle handverkstradisjonar, entreprenørverksemder, handverk, jordbruk og fiskeoppdrett.

Landskapet er vakkert og skiftande med godt turterreng sommar og vinter som innbyr til friluftsliv og naturopplevingar. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.

Pendlartida til Bergen er ca. 45 minutt frå Lonevåg. Ein kan og kjøra eller ta buss til Arna stasjon og ta toget til Bergen sentrum.

I Osterøy kommune skal det vere godt å bu for både unge og eldre.

På lenkene under finn du informasjon som kan vera nyttig om du vurderar å flytta til eller jobba på Osterøy.

For fleire opplysningar kan ein ringje Osterøy kommune på tlf 56 19 21 00 eller senda e-post til post@osteroy.kommune.no

Web levert av CustomPublish