103 vegar har fått offisielle adresser, dvs. at dei er registrert hos Kartverket

Nye adresser i Osterøy kommune - kva er stoda (kor langt er vi komne)

103 vegar har fått offisielle adresser, dvs. at dei er registrert hos Kartverket og overført til Folkeregisteret.  Dei offisielle vegane finn du her.

 

 

Det er reist namnesak på 12 primærnamn og dette berørar 17 vegar. Stadnamntenesta på Vestlandet har sendt si tilråding til Kartverket og vi ventar på deira avgjerd.  Teknisk drift har gjort klart til namne- og tilvisingsskilt på desse vegane. Det vil difor ikkje ta veldig lang tid før vi kan senda ut "Melding om tildeling av adresse" og registrera offisiell adresse så snart vi har fått svar frå Kartverket.

Det er og nokre vegar som ikkje er klare - 1062 Olsnesøyna er ikkje skilta, 1080 Kvednhusrinden har vore på ny høyring og det har kome klage på 1019 Bernes og 1020 Bernesvika.

Arbeidet med adressering av hytteområde i fjellet og langs fjorden har starta opp. Der har vi ei utfordring med setrar og hytter som ligg på felleseige, kva bruksnummer dei høyrer til.

Web levert av CustomPublish