Nye menyar

Menyar.jpg

Det tidlegare menysystemet er no erstatta av fire sokalla megamenyar, som er å finne oppe i det blå navigasjonsfeltet. Ved å peike på namnet til menyen, kjem menyen fram. Den består av ein visst antal hovudpunkt, som kvart har inntil to underpunkt. Alle punkta er aktive lenkjer til sider. Desse sidene vil ofte ha tilleggsmenyar som peiker til andre sider dei er spesielt knytt saman med.

Dei fire megamenyane syner ei hovudoppdeling av heimesida.

Menyen "Tenester" har fokus på dei tenestene kommunen yter, meir enn på kven i kommunen som yter dei. Menypunkta her peiker ofte mot sider som fortel litt omdei tenestene og kva avdelingar eller einingar som har ansvar for å utføre dei.

Medan punkta i dei fleste andre menyane peikar til sider som har informasjon ut frå kommunen, har menyen "Sjølvbetjening" meir fokus på informasjon frå publikum til kommunen. Dette kan vere i form av skjema og andre henvendingar.

Menyen "Om kommunen" inneheld ulik informasjon om Osterøy kommune, både som geografisk eining og som organisasjon. Her finn ein også ein eigen engelskspråkleg del av heimesida.

Menyen "Politikk" har peikarar til ulik informajon om det politiske arbeidet i Osterøy kommune.

 

 

Web levert av CustomPublish