Avdelinga

 

3-6 år

Nyperosa er ei storbarnsavdeling med barn fødde i  2011 og 2012. Avdelinga delar garderobe saman med Lyngtua, som har barn i same aldersgruppe.

Me er opptatt av at barna skal gle seg til å komma i barnehagen, føla tryggleik og at dei blir sett og høyrt. Det er viktig at dei får oppleva meistringskjensle, og at dei blir tatt på alvor. Me gjev dei passande utfordringar, som fører til meistring. Me har ein plan for kvar dag og prøver å variere aktivitetane slik at dagane vert spanande og lærerike. Leik og læring står veldig sentralt i barnehagekvardagen. Det same gjer vennskap. Alle barn treng ein venn, og gjennom året skal alle ha minst ein venn i barnehagen!

Avdelingsplan 2016/2017

 

Web levert av CustomPublish