Offentleg Servicekontor

Telefon: 56 19 21 00

E-post: post@osteroy.kommune.no

Adresse: Osterøy kommune
              Hatland
              5282 Lonevåg

Opningstider måndag - fredag:
08.00 - 15.30 oktober-mars og 08.00 - 15.00 april-september

Servicekontoret held til i romslege lokaler i inngangspartiet i Osterøy Rådhus og er mottak for alle besøkande. Her vert du møtt av blide tilsette med brei erfaring og kompetanse. Vi er her for deg som brukar og har som mål å gje deg god service og lettare tilgang til offentlege tenester.

Du kan be om å få snakka i einerom om du ynskjer det, me har samtalerom til disposisjon.

Her finn du Jobcenter med PC’ar for informasjon og jobbsøk. Skrivar og kopimaskin for publikum er tilgjengeleg. Me hjelper deg gjerne om du ønskjer det.

I vår Publikumskrok kan du setja deg ned med ein kopp kaffi og aviser. I hyllene finn du informasjonsmateriell, brosjyrar og skjemaer. For barna har vi leiker, teiknesaker og bøker.

Offentleg servicekontor er etablert for å gje god service og lettare tilgang til offentlege tenester og informasjon. Servicekontoret er eit felles kontaktpunkt for kommunen og NAV. Her vil du få informasjon, rådgjeving og ei rekke tenester eller vi sørger for at du får kontakt med sakshandsamar.

Me ynskjer tilbakemelding på servicen vår. Det kan du gje skriftlig eller muntleg til oss.

Sist oppdatert 11.01.13

Web levert av CustomPublish