Økonomiplan - budsjett - årsmelding

Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet i kommunen der alle viktige mål og oppgåver i kommunen er skildra. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet og for kommunen som organisasjon. 

Økonomiplanen tek utgangspunkt i kommuneplanen sine langsiktige mål, strategiar og utfordringar og angir korleis kommunen skal nytta ressursane for å nå vedtekne politiske mål. Årsbudsjettet er som regel første året i økonomiplanen, og skildrar ressursfordelinga i detalj for det gjeldande året, medan årsregnskapet oppsummerer korleis ressursbruken faktisk vart nytta. 

Her finn du siste versjonar av økonomiplan, budsjett og årsmeldingar.

Web levert av CustomPublish