Økonomisk rådgjeving

Osterøy kommune kan tilby økonomisk rådgjeving til dei innbyggjarane som har betalingsproblem eller gjeldsproblem. Rådgjevinga kan innehalda alt frå det å setja opp eit realistisk budsjett,  til forhandling med kreditorane og hjelp til å inngå betalingsavtale evt. gjeldsordningsavtale.

Om tenesta:

Målgruppe: Personar på Osterøy som har økonomiske problem på grunn av for høg gjeld.

Vilkår/kriterium: Du har etter beste evne sjølv prøvd å få til nedbetalingsordning med kreditorane dine. Du må vera busett på Osterøy.

Pris for tenesta:Tenesta er gratis.

Søknadsprosessen:

Vi har ikkje søknadskjema.

Til det første møtet er det fint om du har med ein del dokumentasjon:

  • Dokumentasjon på alle inntekter for familien dei tre siste månadane
  • Dokumentasjon på alle buutgifter: lån/husleige, straum, forsikring, kommunale avg./renovasjon
  • Utskrift av siste likning
  • Dokumentasjon på gjeld, rekningar får kreditorane.

Det er ingen søknadsfrist, men litt ventetid må påreknast (ca. to veker).

Du kan også finna meir informasjon på heimesida til Nav.

Det er fint om du tar kontakt først og avtalar eit møte. Du er då sikker på å treffa rett person.

ØKONOMIRÅDSTELEFON:

Nav har ein eigen telefonteneste der ein kan ringja om å få enkle råd og retteiing i økonomiske problemer. Telefonnr er 800 45 353 og tilsvarar 800 G-J-E-L-D på tastaturet. Tenesta har opningstid på kvardagar, frå kl. 09.00-15.00. Det er gratis å ringja frå fasttelefon, og om du ringer frå mobiltelefon, får du tilbod om å bli oppringt frå Nav.

Klikk på lenke for å få meir infomasjon om økonomirådstelefon

 

Web levert av CustomPublish