Oppmåling

Oppmålingsavdelinga utfører oppmålingstenester etter matrikkellova  og har ansvar for ajourføring av matrikkelen (det digitale eiendomskartet). 

Ved deling av eigedom og arealoverføring må saka først behandlast av kommunen . Er saka i strid med kommuneplan/reguleringsplan etc. (for eksempel i LNF-område) må saka også dispensasjonsbehandlast. 
I menyen til høgre er det tenesteomtaler på korleis du går fram i dei enkelte sakene. Det er link til søknadsskjema, gebyrregulativ, dei mest aktuelle lovane og kart.

Me kan tilby blandt anna:             
  • Oppmåling av eigedomar i samband med oppmålingsforretning
    • Mest vanleg er deling av eigedom, arealoverføring, grensejustring og  klarlegging av grenser
  • Registrering av rettar i samband med oppmålingsforretning
  • Samanslåing av eigedomar
  • Registrerer opplysningar om bygg og adresse i matrikkelen
  • Retting av feil og manglar i matrikkelen
  • Digitale kartleveranser (dxf- eller sosiformat)
Krav til kartvedlegg

Legg ved målestokkriktig kart til søknaden, med rutenett og koordinatar påskreve som viser dei nærmaste naboeigedomane. Følgende målestokker ønskes brukt på kartvedlegg:
Eigedommar frå 0-2 daa: M.stokk 1/500
Eigedommar frå 2-10 daa:  M.stokk 1/1000
Eigedommar større enn 10 daa:  tilpass kartvedlegg etter  tomtestørrelsen.

Kontakt servicetorget for rettleiing, skjema og kart

Meir rettleiing  og skjema for søknad om deling, naboliste, rekvisisjon av oppmålingsforretning  og kart,  får du på servicekontoret på rådhuset.

Tinglysing, skjøyte ol.

Etter deling av eigedomar må eigarskifte registrast ved skjøyte, ved arealoverføring må det signerast erklæring for arealoverføring. Eigarskifte, rettar, nye eigedommar etc. må tinglysast. Kartverket har link til god veiledning i tinglysingsspørsmål og aktuelle skjema.

Web levert av CustomPublish