Kunngjering opppstart KDP Oppvekst_400x435

Høyring og offentleg ettersyn av planprogram - Merknadsfrist 30.juni 2017

Oppstart planarbeid - Kommunedelplan for Oppvekst planID 12532015008

Med heimel i plan- og bygningslova § 11-13 har Formannskapet i møte 03.05.2017 vedteke oppstart av planarbeid og høyring og offentleg ettersyn av planprogram kommunedelplan for oppvekst Osterøy kommune.

FS - vedtak - 035/17:

"Osterøy kommune legg forslag til planprogram for kommunedelplan for oppvekst ut på høyring og offentleg ettersyn i minimum seks veker med heimel i plan- og bygningslova (PBL) §11-13."

PLANPROGRAM - MÅL, VIKTIGE TEMA OG FRAMDRIFT

Planprogrammet skildrar hovudmål og delmål for planarbeidet, samt viktige tema som skal belysast, arbeidsmåte og framdrift for planarbeidet. Oppvekstplanen skal legge tydelege føringar og rammer for utvikling av kommunen i eit framtidsperspektiv og ha med seg alle møtepunkt og områder som berører temaet oppvekst. Som til dømes omsorgsgjevarar, barnevern, jordmortenesta, helsesøster, barnehage, skule, frivillig sektor, NAV, osv.

I høyringsperioden til planprogrammet ønskjer ein særskild innspel frå personar, lag, organisasjonar og andre som har kunnskap og engasjement for oppvekstvilkåra til barn og unge i Osterøy.

SAKSPAPIR OG PLANDOKUMENT TIL GJENNOMSYN

OFFENTLEG ETTERSYN OG MERKNADAR

Plandokumenta ligg til gjennomsyn i servicekontoret på Osterøy rådhus, på Osterøy bibliotek og sjåast på www.osteroy.kommune.no/kunngjeringar-planarbeid

Nabokommunar, offentlege instansar, lag og organisasjonar er varsla direkte.

Spørsmål kan rettast til Osterøy kommune v/Plan (plan@osteroy.kommune.no).

Merknadar kan du sende inn via: 

Frist for å sende inn innspel og merknader til planprogrammet er 30. juni 2017.

Web levert av CustomPublish