Laksegiljer Askildneset i Osterfjorden.

Laksegiljer Askildneset i Osterfjorden.

Ordføraren på opning av nye laksegiljer

Laurdag 19. august kl. 12.00 - 14.00 vert det folkefest på Osterfjorden. Då opnar dei nye laksegiljene på Askildneset. Hugs å melde deg på!

Ein kan sjå opninga frå enten D/S Oster eller Bruvik. 

D/S Oster går frå Ostereidet kl. 11.00, Tysse kl.11.30.

Bruvik går frå Bergen kl. 09.30, Frekkhaug kl. 10.05, Salhus kl. 10.15, Knarvik kl. 10.30 og Hamre kl. 10.45.

Begge  båtane ligg ved Askildneset frå kl. 12.00. Retur kl. 14.00.

Det vert opning ved ordførar Jarle Skeidsvoll. Talar. Musikk ved Fotlandsvåg Musikklag. Song ved Ingvill Spilde.

Dei som ønskjer det, kan bli frakta i land for å sjå på laksegiljene og høyre om korleis ein fiska laks med sitjenot. 

Alle med båt i området vert inviterte til å delta på fjordafesten. 

Tinging av billettar:

D/S Oster: http://www.deltager.no/oster-laksegiljer

Bruvik: http://www.deltager.no/bruvik-laksegiljer

Pris kr 390,- per deltakar. Sjømatbuffet er inkludert i prisen. Drikke kan kjøpast ombord. 

Arr. Ta fjorden Tilbake AS og Osterøy Reiselivslag

Kontaktpersonar: Arve Aasheim 92695688, Erling Kleiveland 91182929/56395441

D/S Oster Båten Bruvik

Web levert av CustomPublish