Du er her: Start»VAL 2017
Rådmann Ingvild Hjelmtveit var først ute å førehandsrøysta på rådhuset i dag! Foto:

Rådmann Ingvild Hjelmtveit var først ute å førehandsrøysta på rådhuset i dag! Foto: Heidi Eikeland ©Osterøy kommune

Val 2017

Ordinær førehandsrøysting i gang på rådhuset!

Ordniær førehandsrøysting startar i dag (torsdag 10. august) på rådhuset i Lonevåg. Her kan ein koma og førehandsrøysta alle kvardagar mellom kl. 08.00 - 15.30. Hugs legitimasjon! Ta gjerne med valkort, det sparar tid.

I perioden torsdag 10. august til fredag 08. september er det mogleg å førehandsrøysta på rådhuset. Du treng ikkje vera manntalsført i Osterøy kommune for å førehandsrøysta her. Om du høyrer til i ein annan kommune sender me røystegjevinga di til valstyret i din kommune. 

Opningstider:

Måndag - fredag: 08.00 - 15.30

Utvida opningstider:

Laurdag 02. september kl. 10.00 - 14.00
Torsdag 07. september kl. 08.00 - 18.00

HUGS LEGITIMASJON! Ta gjerne med valkort!

Ambulerande røystemottak (førehandsrøysting heime)

Veljarar som grunna sjukdom eller uførleik ikkje kan møta i eit røystelokale, kan søkja valstyret om å få røysta der dei oppheld seg. Det er ikkje krav om skriftleg søknad. For å søkja kan du ringja Osterøy kommune, tlf. 56192100, eller direkte kontakt med Dagrun Revheim, tlf. 56192163, eller Bente Skjerping, tlf. 56192122.
Frist for å søkja om heimerøysting: onsdag 06. september.

Det vil òg verta høve til å førehandsrøysta i institusjonar, vidaregåande skule og ved omsorgs-/aldersbustader. Informasjon om dette vert kunngjort seinare.

Ved spørsmål ta kontakt på telefon: 56192100 (kvardagar mellom kl. 08.00 - 15.00)

Web levert av CustomPublish