Orientering til deg som er ny pasient ved Osterøytunet

Tidspunkt for fellesmåltid:

Det kan vera litt variasjon mellom gruppene, men cirkatidene er: frukost: 09.00 – lunsj: 12.30 – middag: 16.00 – og kveldsmat: 18.30. Det vert i tillegg servert måltid etter den enkeltes behov.

Personlege eigedelar – kva du kan ta med deg:

Du må gjerne ta med fotoalbum, bilete på veggane, pyntegjenstandar og eventuelt møblar som ”godstol” og TV til rommet ditt. Det gjev også personalet betre høve til å verta kjende med deg.

Merking av privatklede:

Osterøytunet sender pasientkleda til Opro vaskeri, men har også vaskemaskin på kvar gruppe. Pasientkleda må difor merkast med namn. Namneband kan tingast hjå SABO A/S. Det kan også gjerast avtalar med pårørande om å ta kleda heim for vasking, dersom dette er ynskjeleg.

Besøk:

Gruppe 7 har visittid frå kl. 17.00-19.30. Dei andre gruppene tar imot besøk når det passar for pasientane.

Dørlåsar:

Alle gruppene har ein knapp for elektronisk opning av inngongs /utgongsdørene. Gruppe 1, 2 og 3 som er særleg tilrettelagde for pasientar med framskriden demenssjukdom heldt utgangsdørene låst; dette for å forhindra at pasientane går ut utan fylgje med personale eller pårørande. For å opna dørane ut av gruppa nyttar ein kodelås og kodenummer som er montert ved døra.

Innkomstsamtale:

Sjukepleiar på gruppa vil ha ein innkomstsamtale med deg og pårørande. Her vil me til dømes ta opp: -Di livs-og sjukehistorie -Kva slags forventningar og tankar du og dine pårørande har til opphaldet? -Kost og diett: kva er du glad i – er det særlege omsyn eller ynskje om mat? -Oppbevaring av medisin og eventuelt verdisaker. -Å avklara kven er nære pårørande; kven kan personalet kontakta ved behov? -Besøk til familie og heim.

Personalet ved Osterøytunet ynskjer deg hjarteleg velkomen og vonar du kan kjenna deg trygg og trivast under opphaldet.

Web levert av CustomPublish