Osterøy blir språkkommune

Barnehagane og skulane i Osterøy kommune skal samarbeide tettare og jobbe mot felles mål for å auke lese- og skrivedugleiken til barn og unge i kommunen.

Språkkommunar er ein del av regjeringa si satsing Språkløyper – den nasjonale strategien for språk, lesing og skriving 2016 – 2019. Målet er å styrke det lokale språkarbeidet i barnehagane og skulane, og gjere elevane betre til å lese og skrive.

Osterøy kommune ynskjer å nytte dei ekstra ressursane til å etablere ein felles praksis. Kommunen skal lage ein språkstrategi som seier korleis kommunen skal jobbe med tilbodet til barn i barnehagane og elevar i grunnskulen. Hovudmålet er å auke lese- og skrivekompetansen. Viktige samarbeidspartar i dette arbeidet er Osterøy PPT og Osterøy bibliotek.

Forsking syner at språkopplæringa i barnehagane heng saman med lese- og skrivekompetansen i skulen. Dersom kommunen skal lukkast, er det  viktig at dei tilsette i barnehagane og skulane kjenner til kvarandre sitt arbeid, og kan samlast om felles mål.

Dei første språkkommunane starta opp arbeidet sitt i 2016. No har 17 nye kommunar fått status som språkkommunar. Til saman er det 72 kommunar i landet som no vert med på den nasjonale satsinga.

Språkkommunane får fagleg støtte frå Lesesenteret og Skrivesenteret i Stavanger. I tillegg får kommunane tilskot til å etablere og drifte lokale og faglege nettverk for barnehagelærarar og lærarar, samt ressursar til delvis frikjøp av ressurslærarar som skal bistå barnehagane og skulane i utviklingsarbeidet.

Web levert av CustomPublish