Osterøy gårds og friluftsbarnehage A/S

Osterøy Gårds og Friluftsbarnehage A/S er eigd av Eli Hovden Raknes og Tommy Lohne.
Barnehagen held til på eit gardsbruk på Vevle, om lag midt mellom Lonevåg, Valestrand og Haus.

Me har lyse fine innelokale, lavvo, og naturen rundt oss på alle kantar. Me er mykje ute i skog og mark der me leikar, byggjer hytter og gjer andre aktivitetar. Bål og mat ute er kjekt. Det er eit mål å læra enkle teknikkar som å byggja bål, og bruk av sag og kniv.

I tillegg til arbeidet med dei 7 ulike fagområda rammeplanen legg opp til så tilbyr me stell og omsorg for dyr. Me har flor med ponni, sauer, høner, hane, og marsvin.
Me dyrkar poteter, grønsaker, bær og frukt, og me har slåttonn med hesjing og hausting av høy. Det er eit mål å ta opp og læra om tradisjonar som høyrer heime på ein gard, samt å bruka det me haustar inn.

Osterøy Gårds og Friluftsbarnehage A/S gjev tilbod til born i alderen 1 – 6 år. Me har ikkje avdelingar, men deler oss i grupper, dels etter alder, men og etter aktivitet eller interesse.

5 – 6 åringane har eigen plan for førskuleaktivitet.

Ein stor del av dagen leikar borna både ute og inne.
Gjennom leiken får borna trening i samhandling og samarbeid, og dei får prøvd ut grenser. Leiken er med på å utvikla og styrkja borna si sjølvkjensle og deira sosiale kompetanse. Me legg til rette ved å gje borna tid og rom til allsidig leik, og ved å gje borna opplevingar som stimulerar til leik. Gode opplevingar i skog og mark er ein viktig del av dette.
 

Web levert av CustomPublish