Osterøy kulturskule

Kulturskule0.jpg

Velkomen til Osterøy kulturskule si heimeside.

Siste nytt

UKM påmelding 2018

Meld deg på UKM - Ung Kultur Møtes

Påmeldingsfrist 18.1.2018

Alle som er mellom 13 og 20 år og som driv på med noko spennande innan kunst og kultur oppfordrast med dette til å melda seg på "UNG KULTUR  MØTES"  UKM fork.

Driv du på med kunst, dansing, skriving, film, teater, akrobatikk eller musikk, så er det berre å melda seg på. Lokalmønstringa vert i år arrangert 24.1.2018 på Osterøy ungdomsskule. Nokre av innslaga vert plukka ut til å representera Osterøy på fylkesmønstringa. Fylkesmønstringa vert i år arrangert på Husnes i Kvinnherrad kommune 27 -29 april.

08. januar 2018 Les meir

Stor søknad til neste skuleår

Svar på søknad sendast ut i slutten av juni

Mange ønsker å byrja i kulturskulen, og i år har det vore ein gledeleg auke i søknader til instrument. Det vil føre til at alle ikkje alle kan rekne med plass i ved skulestart.

Både dei som får plass og dei som vert ståande på venteliste vil få melding om dette i slutten av juni.

Kontoret er stengt i veke 24

08. juni 2017 Les meir

Travle tider i innspurten før sommaren

Elevar i aksjon på torgdag i Lonevåg og på De Unges Festpill i Logen i bergen

Ballerinaene klare til innsats på torgdagen

 

Ballerinaer snart klare.jpg

08. juni 2017 Les meir

VÅRSPEL 2017

Torsdag 26.4 kl 18:30

Oscar-Vårspelplakat.jpgNok ein gong arrangerer kulturskulen storkonsert saman med Haus og Lonevåg skulemusikklag. 
Set av onsdagkvelden og få med deg kva unge Osterøytalent har å by på.

I år vert det Hollywoodstemning med mykje fin filmmusikk.

Skulemusikken står for sal av kaker, kaffi og forfriskingar i pausen. Konserten er gratis. 
Vel møtt til Vårspel 2017!!

25. april 2017 Les meir
Web levert av CustomPublish