Osterøy museum

Osterøy museum vart skipa i 1920. I dag har museet utvikla seg til ein viktig regional institusjon der den lokale historia til Osterøy blir vist mellom anna gjennom byggeskikk og tradisjonelle handverksprodukt. Samlingane er å finna i eldre hus som står rundt på området, og i eit moderne nybygg. Det eldste huset på museet er Fjellskålnesloftet
frå 1600-talet. Museet spelar også ei viktig og aktiv rolle for det utøvande kulturlivet på Osterøy med konsertar og foredrag.

Opningstider:

Tysdag til fredag kl. 10-15. (I juli kl. 10-17)

Sundagar (juni – september) kl. 12-17. Kafé med stompekaker.

Skuleferieaktivitetar kvar onsdag i juli kl. 11-15.

Kontakt:

Tlf. 56 19 34 40
E-post: osteroymuseum@muho.no

Besøksadresse: Gjerstad, 5282 Lonevåg

Heimeside

Web levert av CustomPublish