Osterøy ungdomsskule

logo-verdi.jpg

Osterøy ungdomsskule er den kommunale ungdomsskulen i Osterøy kommune og har 251 elevar.
Skulen ligg i kommunesenteret Lonevåg og er næraste nabo til Osterøy stadion, Osterøyhallen, Osterøy rådhus, Lonevåg barnehage og Lonevåg skule.


Siste nytt


 

Skulevandring 2015

Det er klart for ny runde med skulevandring ved OUS. Skulevandring er ein metode der skuleleiinga observerer pedagogisk aktivitet og læring i klassane for å ha eit breitt grunnlag for drøfting og oppfølging av pedagogisk praksis ved skulen.  Mål og kriterie er alltid klargjort på førehand.

Du kan lese meir her

26. november 2014 Les meir
Blide elevar på stand

Vellukka utdanningsmesse

I førre veke gjekk den årvisse utdanningsmessa på Osterøy av stabelen. Attendemeldingane frå både elevar og utstillarar var gode. 

Elevane fekk eit innblikk i mangfaldet av utdanningar og jobbhøve ein finn i regionen, og utstillarane fekk "by på seg sjølve" gjennom både informasjon og meir "søte" freistingar. Ein vellukka kveld for alle partar.

26. november 2014
Web levert av CustomPublish